torsdag 1. mars 2012

Referat frå Od@-nettverket

Hei i vårsola,
tenk at det er mars allerede, er det nokon som veit kvar det vart av vinteren?


her kjem linkar til to artiklar som eg har skrevet for Odanettverket.
Oda er eit nettverk for kvinner i IKT-bransjen, og verkeleg ein flott arena for påfyll og inspirasjon.

Motivert og engasjert etter Nettverkstreff! handlar om årets første nettverkstreff, og korleis man skaper engasjement og kven som har ansvar for dette engasjementet.

Inspirerende kvinner i IT-bransjen: Solveig Ellila Kristiansen, leder CA Technologies er min feel-good-artikkel om ei veldig inspirerende dame som jobbar som Country Manager i CA Technologies. CA er et Fortune 500 selskap, og ett av verdens største softwareselskap.

Elles er her snart årsmøte i barnehagen, så innkallingar må sendast, og agenda og årsrapport må skrivast.

Kva driv du med i dag?

Klem, Ellen

onsdag 15. februar 2012

Velkommen til MEKKA!

Bloggen lider under manglande prioritering for tiden. Det er litt stille på denne sida her. Eg har vurdert å fjerne den, men har liksom ikkje hjerte til det heller. Propellheimen er jo så ingenlunde utan aktivitet, her er det faktisk full fres frå tidleg morgon til langt etter leggetid.

Men så, kva er det som tek slik tid då? Det er vel strengt tatt ikkje noko spesielt, det er liksom livet, og slik livet er når ein er midt i småbarnsfasen. Me har valgt å få tre barn på drøyt fire år, då blir det litt kaos og mange gleder på heimebane.


Me har feira bursdagen til ein fin gut som har blitt tre år allerede! Han er blitt så stor og flink, omtenksam ovenfor søstrene sine, tålmodig, men bestemt. Glad i bøker og musikk! Han kom heim frå barnehagen ein dag, og hadde laga forbokstavane til alle i familien i plastilina. Mamma og pappa sin E og K, og barna sine A, M og K. Me har stilt bokstavane på peishylla, og prøver å lage ord. Det beste er MEKKA! Her bur me alle fem, og saman så blir det Mekka, den heilage byen, flottare enn det blir det ikkje :-)


Kva ord får du av dine førstebokstavar?


Klem, Ellen


Published with Blogger-droid v2.0.2

mandag 30. januar 2012

finnes det gode drikkeflasker til barn?

Eit retorisk spørsmål i dag. Eg er så lei av plastikkstinkande lekke prinsesse eller bilar-flasker. Tok ein liten shoppingrunde før helga, og no testar me ut desse søte blafre-flaskene. Aluminium innside, drikketut som du kan dra ut, pluss lokk for ekstra dryppsikring. Ser bra ut hittil.


Kva legger du vekt på ved drikkeflaskeshopping?


Klem, Ellen


Published with Blogger-droid v2.0.2

onsdag 25. januar 2012

Pynt i heimen

Her er eit lite tablå frå vindaugskarmen. Ikkje bli for imponert over den tilnærma sylskarpe bildekvaliteten, eg trur galaxy-en har enno meir å gå på!

Eg tippar det er rett før eg blir headhunta til norske interiørbloggar, men då skal eg berre seie; det er ikkje eg som er mester for dekorasjonen, det er den kommande generasjonen som tek ansvar for pynt her i heimen.

Lat meg presisere at dette er etter rydding for kvelden! Tablået består av ein stall for legohestar, eit uthus til elefantane, samt ein sauefjøs. Du kan ta oldelsjenta vekk frå garden, men det skin nok litt gjennom allikevel!


Korleis gjer du det med vindaugsdekorasjonar?


Ha ein pynta aften!


Klem, Ellen


Published with Blogger-droid v2.0.2

lørdag 21. januar 2012

Dagens dag = storestoldagen

I dag er her ein merkedag, me har tatt av bøylen på vesle prinsesse sin tripp-trapp stol. Etter ein rask konsekvensvurdering er forventa fall frå stol med bøyle blitt høyare enn stol uten bøyle. Det er nemleg nokon halsbrekkande stunt der ho klatrar opp og ned av stolen over bøylen! Me har nett spist laurdagsgraut, og ho sat som prinsessa ho er på sin bøylelause stol.


No er me på full fart ut for å leike litt i snøkaoset. Ha ein strålande helg!


Klem, Ellen


Published with Blogger-droid v2.0.2

onsdag 18. januar 2012

Ostekaketopping med skogsbærsaus

Her er oppskriften på desserten i dagens middagsklubb!


Ostekaketopping

(Dette er altså ein litt sunnare vri på tradisjonell ostekake, og eg lagar den som fromasj i ei skål, for eg er ikkje så glad i botnen som er laga av smør og kjeks)

1 pk philadephia light, 200 g

1 pk mager kesam, 300 g

1 pk lettrømme, 300 g

1 beger skogsbæryoghurt, 1,25 dl

2 dl solbærsirup

1 pk gelatinpulver


Kok opp solbærsirup saman med tre dl vatn. Ta av plata og rør inn gelatin.

Bland i ein ny skål alle dei andre ingrediensane. Rør inn gele etter den er blitt litt avkjølt ( men før den stivnar).

Sett kjølig, og den kan godt serverast dagen etterpå.


Skogsbærsaus

1 pk frosne skogsbær, ca 400 g

Litt sukker eller vaniljesukker eller annan søtning

Ca ein dl vatn


Kok opp bær med vatn og søtning. Mos med stavmikser. Sil gjennom ei sil som fangar opp alle dei små frøa. Sett kjølig!


Enjoy!


Klem, Ellen


Published with Blogger-droid v2.0.2

fredag 13. januar 2012

Nostalgia


Søte Lise sendte dette bildet i dag, eg lo så masse at eg måtte berre dele det på bloggen!Elles står her bra til. Eg er buzy bee for tiden, og susar rundt kvar dag med vesle prinsesse under armen (evt oppi vogna). Har testa ut å ha henne med på kundemøte (vellukka opptil fleire gonger), jobbeseminar (ikkje fullt så vellukka, me fekk klage på at ho prata for mykje), trening på gratis veke på Tempo gym (super vellukka, ho elska å være på barnepassen der, eg var heilt overvelda), og kaffebesøk (frøken sjarmtroll er selskapsdame).

Har byrja å jobbe meir seriøst med prosjektet mitt, mitt eige vesle konsulentfirma. Eg har laga ein fagblogg om Sosial CRM, og kjem til å bruke stadig meir tid på den + konsulenttjenester. Er du nyskjerrig, så berre stikk innom og følg meg på http://ellenmoldskred.com/

Vil ynskje deg ei supergod helg! Nokon spennande planer?

Klem, Ellen