onsdag 26. november 2008

Heimemåla barnehagesko

I haust fekk Anna nye innesko til å ha i barnehagen. Det var knall gule crocs-kopiar, kjøpt på ferjekaien i Kiel for ein liten handfull euro. Fantastiske sko. Det vart gøy å reise til barnehagen kun på grunn av at der kan ho ha på seg sine gule sko. Ingen andre har slike gule sko.



Så skjer det uunngåelege. Den eine gule skoen forsvinn i barnehagen. Me leitar. Og leitar. Og leitar. Det står ein einsleg gul sko att på hylla, skrekkeleg trist.



På vårt lokale kjøpesenter er det ikkje ein einaste gul sko å oppdrive. Det er ikkje rosa eingong, dei er utsolgt i str 24. Det som ligg att i hyllene, er svarte crocs-kopiar. Kva kan ein gjere?



Me må jo ha sko, og det å køyre nokon andre stader for å sjå er heilt utelukka. Bekkenløysning trumfar gule sko. Så me kjøper dei svarte. Og så reiser me heim og finner fram hobby-lakk.



Så frå gule sko går me no over til gull-sko :)



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar