mandag 26. juli 2010

Heime att, men framleis i feriemodus

Bilete frå Kardemomme By, Anna på Hakalle-fjordingen,
eggesanking i Vikadalen, tømmerrenna i Dyreparken,
og Magnus på traktoren heime i Sogn


3 veker med Noregsferie går så fort! Me har hatt supre late dagar med ei veke i Kristiansand, ei veke i Sogn og ei på Sunnmøre! Borna skal ha ei veke til med ferie før det er barnehageoppstart, og mine spreke svigerforeldre er med på besøk, så derfor er det framleis feriemodus her.





Årets familieparkar er Kristiansand dyrepark, inklusive det nye badelandet, Sandvikgarden på Hakallestranda og Atlanterhavsparken i Ålesund. Eg har store ambisjonar om å skrive litt meir om dei enkelte parkane, me får sjå kor tida strekk til i veka framover.





Årets investering er nytt fotoapparat som rakk å fange inn siste veke av ferie. Me har kjøpt Nikon D3000 speilrefleks med 18-55 linse. Eg har og fått låne ei 55-200 linse frå Nina, så eg føler meg super-proff for tida - må berre kjøpe meire minne!





Årets badebesøk er litt sparsommeleg enno, mann og barn var på Hamresanden utanfor Kristiansand, elles var det Badelandet i dyreparken, pluss ein dag på Fosnavåg-badet når det regna som værst på sunnmøre. Me får sjå om det kan bli litt meir bading på strendene her i området. Dessutan er fontena utanfor biblioteket i Asker ein sikker vinnar!





Årets største begivenheit må være Magnus som endeleg byrja å stole på sin eigen balanse, og no har slept taket i handa, og spaserar rundt for eiga maskin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar