onsdag 10. november 2010

Babyspråk - fem ord som babyar brukar

Eg lever i babybobla for tida.
Det er ein verden litt på sida av den vanlege verda. I min verden er det heilt normalt å gå rundt i nattøyet heile dagen, det viktigaste kriteriet for ein utringing er at den er ammevennleg, lukta av eau de gulp ligg tung i huset, og tidsrekninga er på high speed.

5 ord som babyar brukar
Eg kom over ein video som er spennande for alle andre i babybobla :)
Videoen viser ein dame med "fotografisk hørselshukommelse". Ho er på Oprah show, og forteller om desse universelle baby-orda.

Eg måtte skrive dei ned, sidan kortidshukommelsen ikkje er på topp for tida.
  • neh - hungry
    Svoltne babyar lagar denne lyden. Først forsiktig, så høgare, dersom du ikkje finner fram maten fort!
  • owh - sleepy
    Lyden for trøytte born. Då er det berre å sette inn smokken og dempe lysa.
  • heh - discomfort
    Denne lyden er litt universell, det kan ofte være bleieskift, men brukast også om det er noko anna ubehageleg som ein gjerne vil ha ordna opp i
  • eair - lower gas
    Dette er lyden for vondt i magen eller store jobbar på gong
  • eh - burp
    Dette er lyden babyen lagar når den vil opp på skuldera og få rape

Videoen er knall, eg anbefalar den, og eg skal følge godt med neste gong vesle dokka har noko på hjertet. Ikkje at det er så ofte, for det meste så søv og et ho.


2 kommentarer:

  1. Gratulerer så mye med den lille piken!! SÅ herlig, tenk at du no har et trekløver :) Nyyyydelige bilder :)

    Takk for hilsen i forbindelse med bryllupet vårt :)

    Klem

    SvarSlett
  2. Tusen takk, og gratulerar nok ein gong med vel overstått bryllaup! Du var slik ei nydeleg brud! Klem!

    SvarSlett