søndag 24. april 2011

Me flyttar ut!



Me flyttar altså ut på verandaen for sesongen. No viser gradestokken 17 grader i skuggen, og i sola er det så varmt at me tek av tøy og blottlegger kvite armar og bein. Ååå, det er deileg å smøre seg inn med restar av fjorårets solkrem, og kjenne korleis det formeleg steikar!




Veslesnupp har fått eit eige hjørne av verandaen, der ho har teltet sitt. Desse små skal helst ikkje ha solkrem på seg, og heller ikkje direkte sollys, men denne reisesenga frå Deryan er perfekt. Der er faktor 25 i stoffet, og den skjermar både mot sol og vind. Den er konstruert slik at det skal gå an å brette den dobbelt, men det får eg aldri til, sjølv ikkje med bruksanvisning. Vår er kjøpt hjå Tøffeliten for fire år sidan.



Kva faktor går du for?


Klem, Ellen







2 kommentarer:

  1. Hei snuppa. Long time no see :) Savner deg på forumet altså :) Eller kanskje du har en facebook? Du virker som er så koselig og god dame :)

    Her har vi ikke begynt med smøring enda, men skal begynne snart :) Vi har ligget rett ut med allergi allemann her i heimen så vi er endelig på vei opp på bena igjen :)

    Stor klem fra Callie/Fru Jacobsen

    SvarSlett
  2. Hei, takk for koseleg kommentar! Det er lenge sidan no, og lenge mellom kvar gong eg opnar pc-en! Eg surfar nesten berre med mobiltelefonen, så kanskje eg burde få dreisen på mobilblogging, for å oppdatere meir! :)

    Eg fann deg på facebook, så eg har lagt deg til, det er koseleg å halde kontakten! Klem!

    SvarSlett