Bloggen lider under manglande prioritering for tiden. Det er litt stille på denne sida her. Eg har vurdert å fjerne den, men har liksom ikkje hjerte til det heller. Propellheimen er jo så ingenlunde utan aktivitet, her er det faktisk full fres frå tidleg morgon til langt etter leggetid.
Men så, kva er det som tek slik tid då? Det er vel strengt tatt ikkje noko spesielt, det er liksom livet, og slik livet er når ein er midt i småbarnsfasen. Me har valgt å få tre barn på drøyt fire år, då blir det litt kaos og mange gleder på heimebane.
Me har feira bursdagen til ein fin gut som har blitt tre år allerede! Han er blitt så stor og flink, omtenksam ovenfor søstrene sine, tålmodig, men bestemt. Glad i bøker og musikk! Han kom heim frå barnehagen ein dag, og hadde laga forbokstavane til alle i familien i plastilina. Mamma og pappa sin E og K, og barna sine A, M og K. Me har stilt bokstavane på peishylla, og prøver å lage ord. Det beste er MEKKA! Her bur me alle fem, og saman så blir det Mekka, den heilage byen, flottare enn det blir det ikkje :-)
Kva ord får du av dine førstebokstavar?
Klem, Ellen

Heia Propelle!
SvarSlettHåper du ikke legger ned, det er godt med litt lysglimt fra deg innimellom :)
For ikke lenge siden så vi igjennom videoene du har på youtube og kosa oss :)
Her i huset er det bare konsonantforbokstaver, så det ville ikke gjort seg så godt i wordfeud.
Skjønner godt at dagene forsvinner, et svært velkjent fenomen. Syns de flyr avgårde og det er om å gjøre å kose seg som best man kan.
Ta godt vare på deg sjøl, stor klem!
Så koseleg sagt, Bøllemamma, eg skal sjå om eg kan glitre til med nokre lysglimt innimellom for din skuld :o)
SlettVonar alt står bra til med deg og dine!
Hurra!
SlettVi har det bra :)