søndag 15. april 2012

Rappellering med Arrcom!

Eg rappellerte ned utsidan av SAS-hotellet i går!
Her er eg og bursdagsbarnet Ann Magritt på veg ned.
Me var knallheldige med været, og utsikten var verkeleg fabelaktig!



Me var ti tøffe jenter, og alle gjennomførte! Eg er så stolt av alle jentene, spesielt av dei som har høgdeskrekk, men som allikevel gjennomfører. Me var høge på mestringsfølelse i går! Eg må skryte veldig av arrangøren Arrcom, for dei var så profesjonelle, med sikkerheit i høgsetet. Ingen vart overtalt til å gjere noko dei ikkje ville, men me fekk god informasjon om både utstyr og sikring, slik at me følte oss 100% trygge før me klatra over kanten!


Ein skal visstnok ikkje kikke ned, men eg kan jo sjølvsagt ikkje dy meg!
Dessutan har eg kamera på hjelmen, så eg må jo sikre litt gode bilder!

Posere for fotografen! Klar til å fire meg ned!

Tusen takk til Arrcom for ein fantastisk opplevelse!

Rappelleringa var forøvrig berre starten på ein utruleg innhaldsrik og fantastisk bursdag, men den fortjener eit heilt eige blogginnlegg, og det kjem i neste episode.. :)

Har du rappellert? Kvar var det? Kva syntes du?

Klem, Ellen




4 kommentarer:

  1. Ellen, du var jo helt rå! Du rula i den veggen.
    Det var en opplevelse for livet. EN mestringsfølelse man kan ta frem når man føler at ting går en imot. Da blir man straks en racerbil - akkurat som deg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Du også snuppao! Eg er så stolt av deg!
      Det var så kult, verkeleg ein flott opplevelse som gjev ein fin mestringsfølelse!

      Slett
  2. Yikes, det der så jo bare helt rått ut! Så tøffe dere var! Nope. Har ikke rappellert. Om jeg hadde turt? Hmmm, hvem vet. Kanskje. Jo, tror det. Men med sommerfugler deluxe i magen!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det var heilt rått! Og sommarfuglar var det masse av, eg hadde ein full sommarfuglkoloni i magen, sjølv om hjernen veit at det er trygt, så er det ikkje slik at kroppen synes det i det ein klatrar over kanten oppe på toppen og kjenner at ein faktisk henger i tauet.

      Slett