Medan Magnus var inne i magen bestilte eg eit elastisk sjal av merke SleepyWrap frå sleepywrap.com. Eg har lest om kor bra det skal være å bruke, og tenkte at dette kan me no prøve.
Og no er eg hekta. Det er verkeleg fantastisk å berre putte han oppi sjalet, og så roar han seg så fint, og somnar på ein blunk.
Kjell derimot var ganske så skeptisk til heile sjal-styret. Han likte babybjørnen som me hadde Anna oppi, den er meir pappavennleg med sine hemper og seler. Han skulle ikkje ha noko slik derre sjal-greier på seg. Og så fekk han prøve (det var såvidt). Magnus storkoste seg på magen til pappaen, fekk være med på å spele keyboard i kjellaren, og somna tvert til liflige beatles-tonar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar