Lillebror har fått namn.
Det var slett ikkje nokon enkel prosess å komme dit. Spørsmåla om "har de valg namn" kjem gjerne samstundes med offentleggjeringa av den veksande magen. I min hjerne setter slike spørsmål i gang produksjonen av endelause lister. Eg smiler kanskje, og seier at me har ikkje byrja å tenke på namn enno, men under overflata så syder det av alfabetiserte og opprinnelsesbaserte namnelister.
Så på slutten av svangerskapet var det på tide for lista mi å dukke opp til synkronisering med Kjell sin liste. Av ein eller annan grunn var hans liste betydeleg kortare ;o) Og så prate seg gjennom begge listene, samt bla seg gjennom eit heilt namneleksikon - i tilfelle det var nokon fine namn me hadde oversett.
Det er utruleg kor mange rare namn som finnes. Me har nok brukt vel så mykje tid på å le av dei namna me absolutt ikkje kunne tenke oss, som å leite etter noko som passar for oss.
Når me gjenstod med to alternativ, og lillebror kom til verda, så forsvann begge våre forslag. Mitt fordi det ikkje passa, Kjell sitt fordi det var øverst på namnetoppen. Og så dukka det opp eit heilt nytt namn, heilt av seg sjølv. I tillegg vert lillebror kalt opp etter pappaen min, så då får han mellomnamn også.
Lillebror heiter Magnus Tøris.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar