Ja, ikkje at det er nokon fasit her. Men eit godt tips ihvertfall, er det å ta seg tid til ein romantisk middag etter at gullungane var i senga.
Ingen TV på, berre masse levande lys over heile stova, ei kald flaske Poully Fume, og heimelaga sushi.
Me henta begge gulla tidleg, og tok eit smart club fredagsraid, starte med pai/bolle/pølse i kafeen med ein gong me kjem (mette ungar er glade ungar på handletur, og det gjelder jo for mammaen også), og når me kom til ferskfiskavdelingen så fekk me prøvesmake kjempegod norsk salma-laks. Så då handla me laks, sushiris, sushieddik og wasabi, og værre var det faktisk ikkje. Me gløymde ingefær, men kjøpte eit brett med maki også, og der var det nok ingefær til at me ikkje sakna meir.

Oppskrift på heimelaga salma-sushi
200 g laks av finaste kvalitet (me kjøpte salma)
200 g sushi-ris (rundkorna)
2 ss sushi-eddik
2 ss sukker
wasabi og sylta ingefær etter ønske
soyasaus
Skyll risen i kaldt vatn til den er blank, kok i 10 min+. Vår ris var litt hard, så eg tenker at den kan sikkert godt stå litt lenger. Avkjøl til ca romtemperatur. Bland eddik og sukker, og tilset til risen. Dypp hendene i kaldt vatn, og form risen til små ballar. Skjær tynne lakseskiver og legg oppå. Namnamnam!
Så flink du er som lager sushien selv, det har jeg aldri prøvd. Kanskje ikke så vanskelig som jeg har trodd?
SvarSlettKlem Bjørg
Det er slett ikkje så vanskeleg, sushi klarar du heilt fint, du er så flink på kjøkkenet at eg har full tiltru til deg. Det viktigaste er eigentleg berre å ha god, fersk fisk. Lukke til!
SvarSlettÅååå sushi er rågodt! Fikk veeeldig lyst på nå når jeg leste innlegget ditt...!
SvarSlettSushi er supergod dagligmat! Og partymat! Og fyller opp fiskekvota, og fyller opp kosekvota. Det reine kinderegget! :)
SvarSlettHei.
SvarSlettI kveld satt jeg her og lurte på hvor jeg kunne finne oppskrift på hjemmelaget sushi... Og via via noen så kom jeg inn på din blogg og begynte å lese nedover.. Og her finner jeg jo det :)
Jeg elsker Sushi og har bare hatt det Susishi-settet som er å få kjøpt i frysedisken. Sist jeg var på butikken var de utsolgt og var usikker på om de fikk det inn igjen.
Da må jeg lage den selv!
Jeg har hørt at det er lurest å fryse fisken først, for å få bort evt. ting. Gjorde du det?
Takk for oppskrift og for at jeg fant akkurat dette innlegget i dag:)
Ha en god kveld.
Klem Vivian
Hei Vivian,
SvarSlettno vart eg veldig glad når eg leste kommentaren frå deg. For det fyrste var det ein veldig hyggeleg helsing frå deg, og for det andre er jo sushi så godt, så det er jo supert at eg kan inspirere til litt heimelaga! :)
Hei igjen.
SvarSlettNå er alt innkjøpt, gleder meg til i morgen kveld:)
MEN det står ikke noe på rispakken om vann forhold når man skal koke. Vet du det?
Og hvor ris bruker du f.eks til 12 biter.
Blir så takknemlig for svar.
Klem
Ånei, no ser eg at eg er litt seint ute med å svare! Heile familien er på besøk på sunnmøre hjå mine svigerforeldre, så eg vonar du har meg unnskyldt!
SvarSlettEg brukar omlag 1,5 gonger så mykje vatn som ris, dvs at til 100 g ris brukar eg omlag 150 g vatn. Eg reknar mengde litt på slump, men sushiris er ganske drøy, så ca 100 gram ris til 12 bitar.
Vonar det smakte!