torsdag 21. januar 2010

Skal dette være ein typisk morgon?

Eg skal eigentleg på veg til senga for å prøve å oppnå ihvertfall fem timar hardt tiltrengt skjønnheitssøvn. Men eg kan vel ikkje legge bloggen heilt brakk heller, så her kjem ei lita helsing med situasjonsrapport frå propell-heimen.

Sidan me har ein bil, og har tenkt å halde oss til det, så har me delt dagar for henteleveringtransportering. Kjell skal ha pappapermisjon og heimedag med Magnus på mandagar, og har transportetappe på tysdagar og torsdagar, så har eg onsdagar og fredagar.

Dagen byrja klokka seks, det var stille i huset, men for å få nokon minutt åleine på badet, så gjeld det å være fyrst. Så er det to gullungar som skal ha på tøy, spise mat (er makaroni og ost eigentleg frukost? Eg seier ja, så lenge det er økologisk speltfullkornsmakaroni, og Anna kokar den sjølv), så skal det pussast tenner og ha på meire tøy.

Matpakkene var smurte kvelden før heldigvis, eit blaff av fornuft. Alle ut i bilen, køyre til barnehage nummer ein, Kjell sprang inn med Anna (han er mest effektiv i slike situasjonar). Sleppe av Kjell på togstasjonen, køyre til barnehage nummer to. Sidan Magnus framleis er i innkøyring, så leika eg med han ein halv time, og då var han heilt trygg, og stod på hovudet oppi leikekassa, så då gjekk det fint å vinke hadet, køyre tilbake samme veg, finne sin plass i køen, og være på jobb nesten halv ti.

Fasit er femti minutt med køyring (me har køyrecomputer som teller tid motoren er i gong), og nesten ein time på inn/ut av bil og barnehage.

Jobb er gøy og spennande og hektisk, og det går i hundreogeitt til klokka halv fire, då må eg springe i bilen for å rekke den samme lysløypa på veg heim. Klokka fem var me heime (sjokk)! Heldigvis går det kjempebra med begge to i kvar sin respektive barnehage, og begge har kosa seg og leika, og var blide gode gull ved henting. Pannekaker var på middagsplanen, og det var stor suksess.

3 kommentarer:

  1. Oj, det var litt av en dag!! Grugleder meg litt til hverdagen innhenter oss, vi har jo ikke prøvd det før.... Tips mottas med takk!! Du takler jo dette superbra Ellen, du er jo supermom :)

    SvarSlett
  2. Oi, det hørtes forferdelig travelt ut!! :)
    Håper dere ikke blir helt utslitte! :)

    Fint blogg!

    SvarSlett
  3. Uff, dette var nok eit lite hjertesukk. Det er litt travelt no, det er ein stor overgong å pultseleg være tilbake i jobben. Eg veit ikkje om eg har nokon gode tips, men eg er ganske knallhard i prioriteringa i veka, dvs ingen tv, minst mogeleg aktivitetar på kvelden, berre jobb og mest mogeleg kos med gullungane. Eg er sikker på at det blir mykje betre med litt meir rutine.

    Åja, eitt tips har eg kanskje. Planlegge måneden. Me har hatt middagsplanar for kvar veke med stor suksess det siste året, og no har eg byrja med månedsplan :)
    Eitt excel-ark, med alle dagar nedover, ei kolonne for middagar, eg jobbar i dag med å fylle ut februar. Så ei kolonne for kvar av personane i hushaldninga, der kan ein legge inn planlagte aktivitetar, og så ei siste kolonne for alt av ad hoc, besøk etc. Det blir veldig oversiktleg.

    SvarSlett