Eg må berre beklage at det ikkje skjer så mykje her på bloggen for tida!
Me har no full nedtelling til påskeferie, og det blir så deileg! :)
Anna kom heim med nydeleg påskepynt som dei har produsert i barnehagen. Dei er verkeleg kreative der, og finner på så masse gøy med borna.
Ho har laga sitt eige påskeegg, som er både malt og dekorert. I tillegg har dei fylt opp med litt snop, som me sparar til laurdag ;o)
Og så har ho limt og malt ein liten gul påskekylling, som sit saman med eit lite eggeglas med karsefrø oppi. Det blir spennande å sjå at det spirer.
I går var det årsmøte i barnehagen, og eg er blitt headhunta til stillingen som økonomiansvarleg i styret. Eit stort ansvar! Magnus har fått barnehageplass frå hausten av, så med to av 35 barn i samme barnehage har eg lyst til å bidra for å fortsatt god drift. Det er trass alt ein bedrift med millionomsetning, og ein utfordring å sette seg inn i og drifte godt!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar