Her er det blitt bakedag i dag!
Ettersom påskeferieplanane vart erstatta av plan "bli heime med sjuke ungar", og Magnus har hatt vondt og øyreverk sidan torsdag, er det på tide med ein liten treat :)
Så Anna er og leikar hjå naboane, eg har funnet WHICH WITCH på wimp, og Magnus har fått cheerios og biola, og no lagar me gulrotkake.
Eg var ikkje så superhappy med den eg laga i sommar, det var alt for mykje olje i den, så eg har googla rundt for å finne nye og spennande oppskrifter. Eg endte med ein modifisert versjon av Sjuve sin gulrotkake frå Klikk.no
Ingrediensar til langpanne-gulrotkake:
6 egg
4 dl sukker
5 dl kveitemjøl
2 ts bakepulver
1 ts kanel
1 ts salt
2 ts vaniljesukker (av det heimelaga!)
5 ss matolje
5 ss smelta smør
750 g revet gulrot
180 grader i ca 45 min
Glasur
250 g philadelfia naturell
1 ts vaniljesukker
3 ss smelta smør
300 g melis
Forvarm omnen til 180 grader.
Eg startar med å skrelle og raspe gulrøttene. Med foodprocessor er dette no berre gøy, det går så fantastisk fort unna. Så heller eg oljen og smøret over gulrøttene, så det trekker inn der.
Eg fann eit tips om å koke gulrøttene fyrst, men det droppa eg i dag.
Rør egg og sukker kvitt, og tilset mjøl og krydder. Bland dette godt. Til sist rører eg inn gulrøtter. Eg tok unna nokre skeier som eg hadde i hjerte-muffinsformane, det blir søte småkaker.
Ha i godt smurt form, og følg med på slutten av steiketida, så kaka ikkje blir oversteikt - den er best litt saftig.
No må eg berre legge inn ein video frå Korslaget, der Team Bjarne framfører ein medley frå WHICH WITCH . Den er utruleg kul, og grunnen til at eg høyrer på det i dag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar