Blogging er for meg ein overskuddsaktivitet, så derfor er det framleis stille frå denne fronten. Status akkurat no er at eg skyldar energi og er sjukmeldt, vesleprinsen har vatnkoppar og prinsessa har fått hodelus (æsj) i barnehagen. Eg føler derfor at eg har noko å bidra med i dag, og vil gjerne dele av våre nye og eklekjøpte erfaringar i kampen mot dei små beista.
Gulljenta har klødd seg i hovudet i nokre netter, og eg har sjekka henne kvar dag, men på søndag fann eg jammen ein liten rakkar. Ei hodelus er eit par millimeter stor, og lever av å suge blod frå hovudbotnen. Etter litt googling fann eg ut at det nesten er ganske vanleg, noko eg er litt sjokka over, sidan eg aldri har hatt det, og det var heilt ekstraordinært når eg vaks opp.
Ihvertfall så var apoteket stengt, så eg greip til ein rekke kjerringråd som eg kom over i rein desperasjon. Alt er testa både på meg og Anna, for eg byrja med eitt å sympati-klø.
Kjerringråd 1 - olje i hovudbotnen
Etter min oversikt kan alt av matoljar brukast, spesielt olivenolje og soyaolje var anbefalt. Eg hadde soyaolje i skåpet, og eit par gode desiliter vart det nok tilsaman, begge hovuda våre glinsa som 50-tals brylkremgutar. Eg gneid oljen inn i både hovedbotnen og ut i håret. Ha i i ca ein time, medan ein syklar på terrassen.
Kjerringråd 2 - Zalo
Altså Zalo ver eigentleg noko eg fann på sjølv, for korleis i alle dagar kan ein elles få ut to desiliter olje av håret?
Me brukte Zalo antibakteriell, og hadde oppi til det skumma FØR me hadde vatn i håret. Veldig vikig å ikkje ha i vatn fyrst, for då blir det vanskeleg å få laus oljen. Det holdt med ein runde Zalo, og så hadde me to shamponeringar kvar. Avslutt med hårkur og balsam. Estimert tidsbruk: minst ein time.
Kjerringråd 3 - Eddik
Eddik er ein gjengangar blandt anbefalingane. Spesielt eplesider-eddik, men eg hadde kun vanleg 7% eddik tilgjengeleg, og blanda ca ein del eddik med tre delar vatn. Det vart litt sterkt, men eg fordelte det ut i heile hovudbotnen, og skylte det ut med ein gong. Anna var så flink, og skyllinga gjekk supert, og eg trur ho tilogmed klaga mindre enn meg.
Andre kjerringråd
Eg såg også tips om aromatiske oljar. Det er også ein spesiell type elektrisk lusekam som skal være effektiv, men den kan eg ikkje uttale meg om.
Mekanisk fjerning med lusekam
Når apoteket opna mandag, så var me klare, og eg kjøpte tre ulike typar lusekammar samt ei lupe med 2x og 6x forstørring.
Eternell lusekam er svart, utan handtak men med kam på to sider, litt større taggar med større mellomrom på den eine sida. Dette er den som apoteket anbefalte, og eg synes den er veldig god å bruke, og ligg godt i handa.
Nitcomb M2 lusekam er blå (finnes også i rååsa), med to rader rett ved sidan av kvarandre og handtak. Det gjer at den kostar tettare, men det er ikkje så lett å sjå om noko sit fast imellom dei to radene. Nederst på rangeringa.
Den siste veit eg ikkje kva heiter, men den er kvit med eit lite handtak, ei A-side og ei B-side, samt ei lita lupe i midten nederst. A-sida er litt grovare enn B-sida. Denne har det største kosteområdet, men eg syns ikkje den er like lett å bruke som Eternell-kammen.
Eg har altså gredd heile familien ca fem gonger dagleg i fire dagar no, og byrjar bli godt vand med dei. Anna og eg har har kvar vår faste kam, og Kjell og Magnus er litt utanfor dette, så dei får dele ein. Skyller alle kammar i kokande vatn etter bruk.
Kjemisk behandling med Prioderm 0,5% liniment
Det her stinkar. Det stinkar skikkeleg. Anna fekk denne behandlinga, den skal fordelast over heile hovudbotnen når håret er tørt, og være på i 12 timar før ein skyller ut og shamponerar vanleg, og grer etterpå. Borna må være over 2 år for å bruke denne. Hugs å lufte godt og ha eit handklede på puta. Eg brukte nesten 1 pakke på ein behandling. Skal gjentakast etter 8 dagar i tilfelle nokon egg har gøymd seg unna.
Kjemisk behandling med Hedrin oppløsning
Eg brukte denne til meg. Er ikkje 100% sikker på om eg har lus, så eigentleg burde eg vore til legen og sjekka, men eg gjorde litt sjølvdiagnostisering. Denne er mykje mildare, skal også fordelast i tørt hår, og være i i 8 timar. Shampo som vanleg når du skyller ut. Gre gjennom med lusekam medan håret framleis er fuktig. Gjenta etter ei veke i tilfelle nokon egg har gøymd seg unna.
Husvask etc
Eg har vaska alt sengetøy og alle dyner og puter på 60 grader. Eg har også tatt alle handdukar. Dersom det hadde vore lue-sesong så hadde eg også tatt dei.
Ei lus kan smitte frå hovud til hovud. Den er avhengig av å ha tilførsel av ferskt blod, og kan overleve maks 56 timar utan mat. Det vi seie at ein barnehage kan ikkje ha levande lus der etter ei helg, og daude ting som sofaputer etc er garantert frie etter ei helg i isolat.
Men smitten kjem frå ein plass, i vårt tilfelle er det omtrent garantert at det er barnehagen, det er derfor viktig å sjekke alle familiemedlemmar, og å sjekke jamnleg. Det kjem ihvertfall me til å gjere framover. Vonar de slepp unna dette.
Er det nokon andre som har erfaringar med desse ekle små krypa, som har historiar å dele, eller andre kjerringråd eg ikkje har sett?
Hvilke av disse behandlingene funket best?
SvarSlettHei, takk for spørsmålet!
SvarSlettNo brukte jo vi alt saman samstundes, men eg tvilar på at noko som helst anna enn kjemisk behandling klarar å ta knekken på dei små udyra.
Tusen takk! Godt å lese om erfaringene dine!
SvarSlett