Sidan det vart heimepåske, kom svigerforeldra mine på overraskelesesbesøk. Veldig kjekt med fire ekstra hender i heimen, for ikkje å snakke om svigermor sine eigenskapar som kvit tornado. Eg tek det slett ikkje ille opp at ho vaskar oppi skuffene på kjøkkene, eg berre nyter lufta av grønsåpe!
I dag har me vore masse ute i hagen, borna byrjar å bli betre, sola skin, og me planlegg den nye terrassen, korleis kjøkkenhagen skal bli, og ryddar opp i kaoset. Den store gamle almen med greinene sine oppi telefon og internettlinja måtte bøte med livet i dag. Far og sønn var superproffe og presisjonshogde kjempa. Treet fall perfekt i skråninga, midt mellom rhododendronen og gjerdet. Det vart opent og fint. Oppå stubben er det store planar om å bygge ei tre-hytte, ihvertfall ein plattform. Eg har store planar om å teikne ned alle planane, og dokumentere med litt bilete, kanskje det blir litt meir hageblogging framover :)
Framleis god påske!
Hei!
SvarSlettDumpet innom bloggen din fra mammablogger :)
Kjempe fin!
Jeg ser gjerne noen bilder og tegninger fra hageprosjekt! :D
Tusen takk for koseleg kommentar! Eg har masse bra hageprosjekt-planar, og så blir det spennande å sjå kva me får tid og råd til. Eg lovar å komme tilbake med meir hage utove i sesongen!
SvarSlett