
Frøken 4 år er veldig glad i å synge, og går framleis på kor kvar mandag. Mr snart 2 er ikkje så pratsom av seg, men likar å høyre å at me synger til han. Og vesle frøken allerede 6 veker er veldig glad i å bli sunget til - trur eg ihvertfall! Så dette var den perfekte gåve til oss!
Shufflebook = lause kort
Me hadde rim og regle-versjonen av SingSong-kort frå før av, for dei finnes i fleire utgåver. Konseptet er shufflebook, dvs mange separate kort som er uavhengige av kvarandre. Dei er laga i solid materiale (tåler bite-testen), har fine og beskrivande teikningar på framsida, og tekst på baksida.
Eg kjøpte våre kort fyrste gong når me skulle ut og fly. Det er lettare å ta med seg ein liten boks enn ei stor bok ut på reise. Desse er også fine å ha med i stelleveska.
Innhaldet i testversjonen for baby singsang var desse 20 sangane:
- Bake, kake søte
- Bjørnen sover
- Bæ, bæ lille lam
- Ein elefant kom marsjerende
- Fløy en liten blåfugl
- Godnattsang for Jørgen Moes vei nr 13
- Gå i skogen
- Hjulene på bussen
- Hode, skulder, kne og tå
- Hokus og Pokus
- Lille Petter Edderkopp
- Lisa gikk til skolen
- Lykkeliten
- Med krøllet hale
- Mikkel Rev
- Min hatt den har tre kanter
- Nede på stasjonen
- Ro, ro ro din båt
- Trollmors vuggesang
- Vi har en tulle
Mr snart 2 sin favoritt er "Nede på stasjonen", og det er kombinasjonen av togbilete og morosame lydar som toget kan lage, som gjer dette til favoritten.
Eg synes bileta er flotte, men ser at det er frøken 4 som leser dei best, slik at desse korta til dei aller minste kan bli enda enklare i streken. Det er også nokon songar som godt kunne hatt med alle versa.
Dei nye korta til dei aller minste har med forslag til aktivitetar ein kan gjere med barnet, dette er veldig bra! Eit forslag til produktutvikling er eigne YouTube-videoar til alle songane!
Alt i alt er me veldig fornøgde med korta. Det er kjekt å synge (med det nebbet ein har!).
Kva er din favorittsong?
Ha ein super dag, med eller utan song!
Klem, Ellen
SingSangkortene er supre! Vi har 4 sett, og de er godt brukte. :) Youtube-forslag var veeeldig lurt!
SvarSlettHåper ellers at alt er bra! Jeg koser meg hjemme med lillegutt, og krysser fingrene for at du koser deg hjeme også.
Hilsen Maiaa