onsdag 29. desember 2010

Velkomstdrink til nyttårsaften

Vel overstått julefeiring! Me har hatt det koseleg med masse familiebesøk og selskap, og litt slitsamt med mykje sjukdom. No er formane betre, og for ein gongs skuld så søv alle tre små gull samtidig, og eg er vaken (bank-i-bordet!).

Tradisjonen tru så skal me feire nyttårsaften saman med venner, og me skal være heime hjå oss i år. Husbonden og eg prøvesmakar velkomstdrinken i kveld, her er oppskriften eg skal følge:

Velkomstdrink til fire personar
5 dl appelsinjuice
1 dl Roses Lime
2,5 dl Schweppes Russian
3,5 dl sitronbrus
1 dl solbærsirup

Tilsett stjernefrukt, melon og frosne jordbær, og massemasse is. Dess meire is, dess mindre utvatna drink. Pynt med peppermynteblader.

Sidan me feirar saman med borna, så er velkomstdrinken sjølvsagt alkoholfri, så alle kan smake. Det er ikkje noko problem å smake den til med litt vodka om det er ønskeleg.

Sidan borna søv, så skal eg nytte anledningen til å nyte stillheita. Ein veit aldri når neste stille sekund skulle dukke opp!
Ha ein boblande aften, med eller utan vodka!

Klem, Ellen

1 kommentar: