Her er oppskriften på gulrotkake i langpanne som passar til to-års feiring i barnehagen.Oppskriften er inspirert av Sjuve sin oppskrift på klikk.no, men eg har redusert mengda sukker og auka mengda gulrøtter. Resultatet vart ei litt flat, litt sunnare og super saftig kake.
Gulrotkake
- 5 egg
- 3 dl sukker
- 5 ss olivenolje
- 3 dl kveitemjøl
- 1 ts salt
- 1 ts kanel
- 1 ts vaniljesukker
- 2 ts bakepulver
- 900 g gulrot
Pisk egg og sukker kvitt. Ror godt inn mjølet, og rør litt forsiktig inn krydder og bakepulver. Til slutt tilset du og rørar forsiktig inn revet gulrot.
Steik på 180 grader i ca 1/2 time.
Den skal ikkje være rå, men heller ikkje knallhard, men nesten litt svampaktig.
Glasur
Me måtte improvisere litt på glasuren, for denne kaka er best med ein ostekrem, men det var tomt for ost, så me blanda 400 g melis med 4 ss smelta margarin og ein god dæsj appelsinjuice.
Her er anbefalt ostekrem:
350 g philadelfia naturell (1,5 pakke)
400 g melis
1 ts vaniljesukker
Rør alt godt saman og brei over kaka etter den er blitt kald.
Me pynta med ahlgrens bilar, bursdagsbarnet sin favoritt!
Kva brukar du å sende med til barnebursdag i barnehagen?
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar