fredag 6. mars 2009

Drama i barnehagen

Kvar fredag har Anna med Prestekragenytt - ein oppsummering av siste veke sine små og store begivenheiter. Denne veka har det vore drama. 

Brannalarmen gjekk midt i beste ettermidagstid. Elleve små skal ut så fort som svint. Alle som har små barn veit kor lang tid det tek å kle på seg, spesielt midt i "gjere sjølv"-alderen. Så slike ting var det ihvertfall ikkje tid til. Og her i området er det heldigvis ikkje minusgrader, men minst ein halvmeter snø og slaps. Så der gjekk elleve små rundt og vassa på berre sokkelesten.

I tillegg vart ei av dei tilsette henta av ambulanse etter eit illebefinnande. Oppdateringa seier at ho er heldigvis fin att.

Så to falske alarmar, men full BÆBU-kvote for ei tid framover no.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar