Lise og hennar veldig sjarmerande dotter var på formiddagsbesøk hjå Magnus og meg i dag. Stikk i strid med råd frå Grete Roede bakte eg scones, og her er oppskriften ( og min vri i parantes )
8 dl kveitemjøl (eg erstatta 1/4 med havregryn, då vert dei litt grovare)
2 ss bakepulver
1 ts salt
250 g smør
2 dl revet ost
2 dl mjølk
1, 5 dl fløyte (eg erstatta mjølk og fløyte med kefir)
Bland det turre, smuldre inn smør. Tilset ost, og nok væske til at det såvidt blir ein deig. Kna til ei pølse, skjær opp i 2 cm tjukke skiver.
220 c i 10-12 min
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar