Anna og eg reiste tidleg søndag morgon til Bogstad. Lamminga er i gong, og mora gleda seg minst like mykje som dottera, medan far og son vart liggande att i senga, deileg stille i huset.
Eg bomma litt på klokka, så halv elleve var me der, medan fjøsen ikkje opna før klokka tolv. Det gjorde ingenting, for Anna hadde gummistøvlar og regntøy, og det var ubegrensa med sølepyttar. Så me plaska rundt, og såg på hestane og snakka med trolla.
Når fjøsen opna fekk me helse på dei nyfødde lamma, og det var og kyr, grisar, geiter, høner og kaniner der, veldig kjekt (trur mora syntes det var like kjekt som dottera).
Det heile vart toppa med ein tur i hest og kjerre, pluss ein stor is etterpå. Perfekt søndag.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar