tirsdag 28. juli 2009

1/2 års bursdag vel overstått


Magnus 6 mnd kan sykle... hihih, neidå, dette er berre ein test av babyinlegget på Anna sin gamle trike. Men han sat som ein liten prins. Legg merke til mobiltelefon pluss haldar for tåteflaske.

Men tenk at tida kan gå så fort. Det er som han alltid har vore hjå oss, med sitt lune smil og sindige humør. Han er roleg av gemytt, men veit sanneleg å gje beskjed når det er noko han har ein meining om, og med ein stemme som er verdig ein av dei store tenorar (mine born har konstant utestemme, og eg er redd dei er arveleg belasta).

Han kan rulle seg rundt til begge sider, og han har ein finurleg liten kålorm-bevegelse som flyttar han både framover og sidelengs så lenge underlaget er sklisikkert. Han kan ligge på rygg og brette seg på tvers så beina kjem bort til nasen, han kan halde leiker og putte dei inn i munnen. 

Han kan seie "gggg", og få det til å sprute graut ut munnvikane når han velger å blåse det heile bort. Han kan humre når eg kitlar han på magen, men han skrattar når storesøster herjar og gjer ablegøyer.

Han er heilt nydeleg, fine gullungen vår!

1 kommentar:

  1. Skjønningen : )

    Så morsom sykkel. Sånn skulle Kristian hatt ;)

    SvarSlett