onsdag 5. august 2009

Anna er blitt tre år!


Tenk at vesle jenta mi er blitt tre år. No er det slik ei blid og positiv jente som spring rundt med dei lange krøllane flagrande ned over ryggen. Bleiefri og smokkelaus, og no har ho byrja på stor avdeling i barnehagen. Ei smart jente som forstår og analyserar, som er kvikk og modig. 

Anna kan sykle på storesykkelen, hinke og hoppe på trampoline, ho stupar gjerne kråke og rullar rundt til den eine sida, ho kan springe fortfort ein heil dag utan å bli sliten, ho kan huske kjempehøgt og skli på magen ned storesklia i barnehagen. Ho kan lese namnet sitt og kjenne att mange av bokstavane og tala, ho kan pusle puslespill og leike butikk, og ho kan sitte roleg i armkroken og høyre på historiar og lese bøker om Ruffen og Tassen og alle dei små vennane.

Ei bestemt jente som ikkje let seg pille på nasen, som utviser stor omsorg for lillebroren, som gjev tydeleg beskjed når noko ikkje er rett, og som smiler og sjarmerar bådekjende og ukjende.

Til ei fantastisk flott og på alle måtar nydeleg jente. Gratulerar med dagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar