Kva er baby-led weaning?
Det er ein metode for å introdusere babyar til å lære seg å ete fingermat sjølv allerede frå 6. mnd alder. Bornet får sjølv bestemme kva og kor mykje som dei vil ete, og gjennom å gjere det utviklar han hand-auge koordinasjon, og lærer seg å tygge. Babyen viser sjølv når han er klar for å byrje å ete, gjennom å vise interesse for mat når det er måltid, samt å gripe mat og føre til munnen.
Sikkerheit
Bornet skal sitte rett, og ikkje være åleine. Ikkje legg maten inn i munnen, men lat han ete sjølv. Metoden trur at dersom han ikkje klarer å føre maten opp til munnen, så klarar han heller ikkje å tygge/svelge den. Born har naturlege refleksar som gjer at dei heller hostar opp att bitar dei ikkje taklar, enn å svelge noko dei setter fast i halsen.
Grunnprinsipp
- Bornet får lov til å avvise mat, og det blir introdusert ved ein seinare anledning
- Bornet får sjølv bestemme kor mykje han vil ete, og blir ikkje fylt opp med mating på slutten av måltidet
- Ikkje ha hastverk
- Tilby vatn til måltidet
- Start med mjuke frukt og grønsaker. Kok lett opp harde grønsaker, slik at dei kan gnagast på utan tenner
- Tilby maten i avlange bitar, eller med "handtak" (eks brokkoli) så bornet lærer å gnage av passe bitar
- Ikkje tilby mat som kan være farleg, som eks peanøter
- Mat som ikkje er fingermat kan du tilby med ei skei, slik som yoghurt
Menyar
Til 7 mnd baby kan ein til dømes servere banan, melon, avocado, aprikos, brokkoli, bønner, riskaker, brødskiver, kokt ris, kyllingfilet, svinesteik, potetbåtar, couscous, makaroni og asparges. Men helst så serverar du det samme som alle spiser. Pass på å ha minimalt saltinnhald.
http://en.wikipedia.org/wiki/Baby-led_weaning
http://babyledweaning.blogware.com/
Ein liten oppdatering på weaningen: No sit det ein strålande fornøgd Magnus i vippestolen og smattar i seg 1/3 knekkebrød
SvarSlett