fredag 18. september 2009

TofuSun vegansalat

foto: privat



Ein dame i mamma sitt selskap i morgon er vegan, og eg har lova å lage ein rett til henne. Ein fin mogelegheit til å sette seg inn i ein framand livsstil. Eg har vore på http://vegansiden.com/ og sett på oppskrifter og lært om veganarar. Om etikk skriv dei "En vegansk livsstil innebærer å styre unna samtlige produkter som forårsaker smerte og frihetsberøvelse for dyr. Som veganer tar man et konsekvent etisk valg med gjennomført respekt for dyrs rettigheter og deres egenverdi."




Sjølv om eg personleg ikkje er vegetarianar, så respekterar eg dei som ønsker å leve slik. Sidan mi vetlesøster er vegetarianar, så har eg hatt eit forhald til den livsstilen i ti år, og har fått øve meg på å lage mykje god vegetarmat. Det er lett mat, og eg føler eg får eit meir bevisst forhald til kosthaldet mitt.




Eitt av punkta inne på vegansiden som eg fekk lyst til å reflektere over er at mat er kultur, og for dei som fell utanfor den sosiale normen også lett kan falle utanfor i sosiale settingar. Veganarar blir utsatt for press til å ete mat dei ikkje ønsker å ete, eller dei blir ikkje invitert til tilstellningar i det heile. Mennesker peikar på veganarar som komiske figurar, og latterleggjer etikken deira. Det synes eg er synd, og veldig snevert. Eg vonar derfor at eg kan bidra i morgon til at mamma sin venninne i morgon kan føle seg litt meir akseptert for valga sine.





Oppskrifta er som følger

Skjær ønsket mengde tofu i terninger. Stek dem lett i olje og krydre med paprikakrydder/rødt pastakrydder og en terning grønnsaksbuljong.

Ha en boks alfalfaspirer i en bolle.
Kutt ønsket mengde sukkererter i to.
Kutt opp en gul paprika.
Ha et glass med soltørkede tomater (i olje), slik du får kjøpt i butikken. Hakk dem i mindre biter. Bland alt sammen i bollen og ha over litt av oljen tomatene lå i, eller olivenolje.
Om du liker hvitløk kan du blande det inn også.



Sjå dei fantastiske fargane! Lekker mat, synes eg!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar