
Eg har ikkje vore på biblioteket på nokon år, så gleden og overraskelsen var stor då eg tok ein snartur innom Asker Bibliotek.
Eit flott anlegg, lyst, ryddig, oversiktleg. Eg vart positivt overraska over å finne ei hylle full av blue-ray filmar, og så synes eg dei hadde masse anna spennande.
Eg skal innrømme at eg føler meg litt anti-materialistisk etter all den intensive shoppinga i forbindelse med den store festen, så det er deileg befriande å være på ein plass der du kan låne alt gratis. Spesielt gøy blir det å ta med Anna og låne masse barnebøker, pluss at dei har lesestundar, filmframsyningar og aktivitetar for born.
http://www.askerbibliotek.no/
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar