tirsdag 14. desember 2010

Om hår og baking

Kva er poenget med hår eigentleg? Det er mest i vegen. Ikkje er det noko varme i det heller no på vinteren, me lyt gå med lue allikevel!

Allikevel er det stas med dette håret. Eg har spart og spart i evigheiter for å få håret så langt at eg kan gå rundt med konstant hestehale. Helst ville eg hatt musefletter eller kringlefletter som frøken 4 år.

To slag!
I dag får me bakebesøk i ettermiddag, då gjeld det å ha hestehalen på plass.
Planen er pepperkaker kjevla ut av ferdigkjøpt ikeadeig, samt julemenn av oppskriften eg brukte i fjor. Målet er lubne, lunka kaker som me kan nyte ferske. Det blir to slag! Så spørs det om kakene varar heilt til jul. Sju slag blir det ihvertfall ikkje, her er husmorambisjonane senka til eit absolutt minimum.

Kva kaker synes du at trengs til jul?

Ha ein stålande aften, med eller utan kakebaking!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar