Eg har fått masse skryt for årets julemenn (forøvrig dei aller fyrste eg har baka, så heldig med dei..)
Oppskrifta er henta frå boka "Klare sjølv", utgjett av Hornhindal barnehage. Anna skulle være med og bake, men var så opptatt at eg kjevla dei ut sjølv :)
Julemann (2 brett)
2 koppar kveitemjøl
1/2 kopp sukker
1 ts hjortesalt
2 ms margarin
1/2 kopp mjølk
Bland det turre, smuldre inn margarin, og ha i mjølk til slutt.
Eg brukte litt mindre mjølk enn i oppskrifta, og allikevel vart den litt klissete, så eg tisatte eindel ekstra mjøl når eg baka ut. Deigen stod i 12 timar før eg rakk å bake dei ut (måtte levere nokon julegåver).
Mine leivar var nesten ein cm tjukke, for å bli fort ferdig. Eg steikte dei i 12 min på 200 grader.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar