Bloggen er ikkje nedlagt! Den kjem sterkt tilbake nå som vårsola skinner, og mor sluttar å legge seg samstundes med borna!
Sjå berre her, no kjem ein super oppskrift på brokkolisuppe, fritt etter familiekokeboka. Den var så god at me spiste opp alt (derav: ingen bilder i dag), tilogmed toåringen, som vanlegvis rynkar på nasen og seier "nein, nein" til alt av middag.
Ingrediensar til brokkolisuppe
5 dl mjølk
2 dl vatn
ca 2 dl rømme (evt fløyte, det er i den opprinnelege oppskrifta, men min fløyte var blitt sur, så då tok eg det eg fann i kjøleskapet som likna mest)
1 buljongterning
1/2 løk
1 fedd kvitlauk
5 hasselnøtter
1 brokkolihovud
2 ss margarin
(litt pølse)
Slik gjer du det
Kok opp alt på lista over brokkolien. Tilsett brokkoli etter omlag 5 min koketid. Kok til brokkolien vert mør. Det skilte seg litt, og såg litt grumsete ut, men hald ut! det blir bra til slutt. Køyr alt med stavmiksar. Tilset margarin (og eventuell pølse til dei søte små).
Dette er forhaldsvis sunn suppe som blir ferdig på 10 min. Super kvardagsmat.
Hei hei, og takk for koselig kommentar i bloggen min :) Vi hadde faktisk brokkolisuppe i dag, men min 2-åring nektet å spise annet enn flatbrødet og (spesielt) smøret som ble servert ved siden av... Vi andre likte den godt ;)
SvarSlettHa en fortsatt hyggelig kveld! Anne Camilla
To-åringen min likte utruleg nok denne suppa, han som rynkar på nasen og protesterar av det meste anna. Eg trur det går litt i rykk og napp. Men smør er alltid populært. Og dressing. Og ketchup.
SvarSlettKlem, Ellen