
Slankekuren går skikkeleg dårleg! (nesten status quo). No er eg på jakt etter sunt snop, noko som eg kan ete til eg blir flau av, men som allikevel ikkje spolerar heile vektnedgangen!
På helsekosten fann eg Sukrin, som er eit kalorifritt alternativ til sukker. Eg var skikkeleg skeptisk, og tenkte lenge om kva som var bakdelen med dette produktet. Det må jo være veldig skummelt og farleg, sidan det ikkje er kjent..?
Litt googling beroliga meg mykje, mellom anna desse sidene:
- Kunstig søtt - er det farlig? (klikk)
- Referanser for sukrin (funksjonell mat)
- Erythrithol (wikipedia)
I helga testa borna og eg vår fyrste sukrinoppskrift. Her er muffins, og oppskriften står på baksida av sukrinpakka.
Sukkerfrie muffins
- 100 g smelta smør
- 2,5 dl mjølk
- 2 egg
- 200 g sukrin
- 270 h kveitemjøl
- 60 g hi-maize (usynlig fiber, kan erstattast med kveitemjøl)
- 2 ts bakepulver
- 2 ts vaniljesukker
- 150 g eplebitar (kan erstatte med anna frukt/bær)
- Lett kaneldryss til eplene
Smelt smør og rør inn mjølka.
Visp saman egg og sukrin.
Bland alt i ein bolle, og ha i godt smurte muffinsformer.
Eg fekk ca 20 små muffins.
Steik på 175 grader i ca 25 min.
Dei vart kjempegode. Borna likte dei godt, og husbonden mistenkte ikkje noko muffins med desse muffinsane!
Det er overhengande sannsynleg med fleire sunne oppskrifter herfrå. Eg er litt inspirert!
Har du testa sukrin?
Klem, Ellen
En antisukkerfantastkollega nærmest tvang meg til å teste sukrin. Ikke så verst synes jeg, en anelse søtere enn sukker; kan det stemme? Sverger til sukker selv, selvom sukrin er helt topp erstatning ;-)
SvarSlettSå bra du likte det, sjølv om tvang kanskje ikkje var den mest positive måten å møte eit nytt produkt på!
SvarSlettEg synes sukker er litt søtare. Dessutan manglar sukrin litt av den søte ettersmaken, men elles synes eg dei er ganske like. Eg brukar det feks på laurdagsgrauten min, og synes det smakar heilt greit. Foretrekker å ha det til baking, synes det fungerar best der!