Me måtte ut og få litt frisk luft. Lange dagar apatisk framfor nyheitene med stadig større sjokk over ugjerninga gjer at ein treng ut og gå tur.
Mr To får løpe litt sjølv, og han går gjerne sine eigne vegar. Me er på ein gangveg, heilt stille, ikkje noko stress. Heilt til eg ser han plukkar tre raude bær, puttar dei i munnen, smiler og tygger. "Ferdig" seier han, og opnar munnen for å vise at han har spist opp.

Rødhyll (Sambucus Racemosa) er giftig.
Ring Giftinformasjonen om barnet ditt spiser meir enn 10 bær
Ja, slik såg planta ut. Ikkje visste eg at det var Rødhyll, det ligna litt på rogn, men hadde andre blader. Eg vart litt stressa, for å seie det slik. Tok med ein kvist av planta, pluss tok eit bilde som eg sendte til mamma, ei venninne og posta på facebook, for å sjå om nokon kunne hjelpe meg med å finne ut kva det var, og om det var giftig.
Giftinformasjonen har telefonnummer 2259 1300
Mi supre venninne visste kva dette var. Det lignar på Rødhyll, sa ho. Rødhyll er giftig, men så lenge ein spiser mindre enn ti bær, så går det greit. Eg fekk telefonnummer til Gifinformasjonen, og ringde for sikkerheits skuld.
Giftinformasjonen opplyste om at så få som tre bær truleg ikkje vil føre til nokon reaksjon. Teikn på forgiftning er vondt i magen/kvalm, oppkast og diare. Gullguten her drakk halvanna glas med saft, og løper rundt og er i storform, ingen mageknip her.
Nettdoktor har informasjon om kva legevakten spør om ved forgiftning hjå barn
- Er barnet dårlig?
Dersom ja, så må kanskje legen skaffe ein ambulanse.
Barn som ikkje er dårlige kan bli dårlige seinare. - Veit du kva barnet har spist?
Behandling avheng av kva barnet har spist.
Dersom det er ei ukjend plante, så kan du ta med eit eksemplar til legen. - Har du prøvd å få barnet til å kaste opp?
Har barnet kasta opp sjølv?
Har barnet drukket mjølk? - Har barnet vondt eller andre symptom?
Hald nøye auge med barnet, for å sjå om det oppfører seg annarleis.
Spesielt små barn kan det være vanskeleg å finne symptom frå eit spesielt organ.
Barn kan og bli redde om du er redd.
- verkar påverka
- får kramper, kraftige magesmerter, oppkast eller diare
- får åndenød
- drikker kjemikalier som medisin, reingjeringsmiddel eller liknande
Heldigvis slapp me unna i dag! Men eg tek ein tur innom apoteket for å kjøpe litt medisinsk kull til å ha liggande i medisinskapet, slik for sikkerheits skuld.
Med ønske om ein giftfri dag!
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar