tirsdag 5. juli 2011

Ønskes: sjølvrensande kjøkengolv!



Vesle prinsesse er blitt åtte månedar, og ganske bra på å ete sjølv!




Me driv jo (som vanleg) på med baby-led weaning, eit fancy namn på å late babyen prøve å få i seg maten på eiga hand. Det er ikkje berre naturleg, ho får øve opp motorikken sin, men det er og praktisk, så får mor og far litt tid til å putte sin eigen mat inn i munnen også.




Naturleg nok blir det litt grising av slikt, det må ein rekne med. Men eg byrjar å bli lei av å måtte krabbe på alle fire og plukke opp att mais og mos og andre mumseriar. Derfor skulle eg sjå gjerne hatt eit sjølvrensande kjøkengolv.




- det finnes jo allerede, snuppao, seier søte Sol til meg på twitter.



- det heiter HUND!






Eg må le! Sjølvsagt, hund er løysinga i vår heim. Eg har eigentleg litt lyst på ein liten vofselofs til å kose med, men husbonden er skeptisk. Så eg må finne andre alternativ (fram til borna blir så store at deira støttande argument ikkje let seg overdøve).




På barselgruppe såg eg det geniale brettet frå Stokke, som du festar på bordet, det sklir ikkje sin veg, og (sannsynegvis mesteparten av) maten blir oppå brettet. Eg elskar jo alle Stokke-produkta, me har seng og vogn og to stolar, så det kan hende mor må ut og shoppe. (eg er ikkje sponsa av stokke, men let meg villeg overtale om det skulle komme på tale!)


Elles går alt vel her i huset, husbonden har byrja med pappapermisjon og tek ansvar i heimen. Eg jobbar med prosjektet mitt om å etablere meg freelance, men nett no har borna fri frå barnehagen og me mest kosar me oss heime og nyter varmen.


Korleis går dine dagar?


Klem, Ellen

2 kommentarer:

  1. Hei! Dette er jo en stund siden, men fikk du testet dette brettet..? Pga. blw er jeg også på utkikk etter selvrensende gulv, men hos oss er det jeg som ikke er superkeen på bikkje akkurat for øyeblikket :o)

    Og fin blogg!

    SvarSlett
  2. Hei! Tusen takk!

    Eg må innrømme at eg stod i butikken, skulle til og betale, kasta eit blikk på prislappen (noko eg eigentleg burde bli flinkare til).

    Dermed steila eg ved tanken på å betale sekshundrekroner for noko me eigentleg burde klare oss utan. Så no er det kost og feiebrett, og eg gremmes kvar dag.

    Klem, Ellen

    SvarSlett