fredag 22. juli 2011

Snakk med barna. Terror i Oslo og på Utøya.

På nokre få timar så er det norske samfunnet snudd på hovudet.

Tenn eit lys for dei ufattelige tragediane i Oslo og på Utøya!

Kva er det som skjer med verden, dette er så forferdeleg, eg er kvalm, eg må gråte.

Me ser på nyhendene, det er grusomme bilder frå Utøya.

Politiet råder alle til å halde seg heime, halde seg innandørs, og heller ikkje bruke mobiltelefonnettet unødvendigt.

Me høyrde bomba i huset vårt, 17 km frå Oslo sentrum. Me trudde det var torden.

Barn får også med seg nyheiter.
Barneombudet gjev råd for korleis ein kan snakke med barna om det som har skjedd. Det er du som vaksen som må snakke med barna, formidle nyheitene, men skjerme barna for dei grusomme detaljane og mennesklege lidelsen.

  1. Vær open om kva som har skjedd. Fortell at nokon har sprengt ein bombe, at ein mann har skutt andre, og at mennesker er døde.
  2. Svar ærleg på barna sine spørsmål, men tilpass svaret til barna sin alder. Ikkje fortell utover det barnet spør om. Ikkje lyg til barna. Skjerm barna mot sterke bilder i media, det er vanskeleg for dei å bearbeide sterke visuelle inntrykk.
  3. Legg merke til barna sine følelsmessige reaksjonar. Dei kan bli redde, lei seg, triste eller sinte. Ikkje spør dei korleis dei følar seg, men prøv heller å bekrefte barnet sine følelsar (du ser ut som du er engstelig). Ikkje prøv å gje inntrykk av at barna bør føle meir enn dei føler.
  4. Jo nærare barna er ramma, jo meir treng dei å snakke om det. Barn må og få lov til å ikkje bli berørt, om dei ikkje kjenner nokon som er direkte involvert.
  5. Barn snakkar om slikt i små porsjonar om gangen, og tek med seg inntrykka inn i leiken. Leik er borna sitt språk, og det er naturleg at dramatiske hendelsar dukkar opp i barna sin leik.

Dersom du er i Oslo, så kan du melde deg på Facebookgruppa: Oslo er i god behold.

Hugs at terroristane skal ikkje få bestemme kva for eit samfunn vi skal leve i.
Ta vare på kvarandre, og lat oss alle være landsmenn, ikkje lat politiske, religiøse eller kulturelle splittingar slå splid i befolkninga no.

Vonar alt er bra med deg og dine!
Klem, Ellen


3 kommentarer:

  1. Jeg kjønner ikke hvordan et menneske kan delta eller gjøre noe slik. Dette er helt grusomt og
    må straffes med mer en 21 år.

    De årene betyr ingengenting for han og det ham har også gjort. Gi til ham livsvarig varetekfengsel, det er det han fotjener for godt.

    Han har ødelegget hele en nasjon han svinneren. Han fortjener ikke å være i liv i det helle tatt. Ta han bort ifra landet og send han til de farligste løver som fins i verden slik at disse skal ha en god lunsj.

    SvarSlett
  2. Det eneste jeg vet er at han er et svin og at han fortjener heller ikke å leve på et norsk luksus fengsel i landet.

    Det krevde framtil nå 91 liv og dette er rett og slett grusomt for godt.

    Minne store kondolanser til hele Norge. Hilsen!

    SvarSlett
  3. Takk for innspill. Det er heilt grusomt det som har skjedd. Det føles værre og værre etter kvart som detaljar frå planlegginga dukkar opp.

    Eg gråter ved tanken på alle dei døde og såra, sender mine varmaste tankar til dei pårørande!

    SvarSlett