
Eit lite situasjonsglimt frå sist vinter i baksetet vårt! Litt trangt, men med hjerterom og så vidare..
Propell-bilen av type Passat har akkurat plass til tre seter bak.
- Mr 2,5 har eit Britax Secura, bakovervent opp til 25 kilo, som står bak førarsetet.
- Prima ballerina har eit forovervent Britax KidPlus (vi plasserar det vanligvis bak passasjersetet, sjølv om det på bildet er i midten)
- Vesle prinsesse har Britax BabySafe. Det er godkjent opp til 12 kilo, og det er framleis masse plass både til selane og til hovudet. Sjølv om setet framleis er passe, så er det litt trangt og knølete å smyge henne oppi det, så det er snart modent for utskiftning.
Det viktigaste for meg ved valg av sete, er at det er eit bakovervendt sete. Kriterium nummer to er at me får plass til det i bilen. Forøvrig er me glade i Britax, så om eg finner eit britaxsete som passar, så er det ein fordel. Eg likar godt låsemekanismen på britaxsetene.
Dei bakovervendte bilsetene frå Britax er
Britax Hi-Way - kun bakovervendt i størrelse baby-25 kilo. Plasseffektiv, og passar godt i midten.
Britax Two-way - bakover og forover sete 9-25 kg. Lang i ryggen og rimelig.
Britax Multi-Tech - bakover og forover sete 9-25 kilo. M støttebein.
Andre seter som kan være aktuelle er
Akta Graco Cosmic Comfort (bakover opp til 18 kilo, framover som beltestol opp til 25)
Brio Zento - får dårlige testresultat, og er ikkje anbefalt
HTS BeSafe iZi combi x3 - (bakover opp til 18 kg, og framover med interne seler 9-18). Nokon versjonar av denne er tilbakekalt frå leverandør.
Maxi Cosi Mobi -(kun bakover til 25). Kort rygg og smal stol, så kan bli trangt før 25 kilo, har også vid vinkel på støttebeinet, så det kan ta stor plass i bilen.
Sjå også Forbrukerrådet sin test av bilbarneseter mai 2011, men ta denne testen av bilstoler med ei klype salt, då dei ikkje skiller mellom bakovervendt og forovervendt for born i midtklassen.
No er lista klar, så då skal eg reise til butikken og teste seter i butikken. Eg kjem til å teste Hi-Way fyrst, og så kanskje Cosmic Comfort. Satsar på at eitt av dei passar! Lisepus og eg skal på jentetur til Gøteborg i morgon, så planen er å stoppe på Happyland på Svinesund, der er det godt utvalg, gode prisar og god service!
Ha ein strålande helg, med eller utan jentetur!
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar