Eg er så ambivalent over undersøkelsen som nettopp vart publisert i forkant av kontantstøttebortfallet. Eg er både deltakar med to barn i MoBa undersøkelsen som det blir referert til, mor til to barn i barnehage, samt har interesser i barnehagen ved at eg er styreledar.

Mr 2,5 som ikkje kunne gå når han byrja i barnehage
Folkehelseinstituttet har publisert ein rapport under tittelen: Tidlig barnehagestart ikke skadelig for folk flest. I denne rapporten slår folkehelsetilsynet fast at det ikkje er nokon haldepunkt for at born blir skada, men at nokon born er meir sårbare enn andre.
Rapporten vart strakt tolka til Tidlig start i barnehage er helt ufarlig (NRK), dvs heilt uskadelig, også for folk flest.
Eg er altså deltakar med to barn i Mor og Barn undersøkelsen (MoBa) som blir brukt som grunnlag for denne undersøkelsen.
Eg ser to problem med at denne rapporten er avleda frå MoBa:
1. - MoBa kritiserast for at kun akademikarar deltek. Du skal i hvertfall ha usedvanleg tålmodig sinnelag, og glad i å lese akademisk språk. Det er side opp og side ned med utruleg detaljerte og obsukre spørsmål (typ: kor ofte hadde du leverpostei på brødskiva medan du var mellom 6 til 9 mnd gravid. Alternativ: kvar time, kvar dag, tre gonger i veka, kvar veke, kvar annan veke, kvar månad, aldri).
Min avledning: Undersøkelsen vil dermed ikkje gje eit representativt tverrsnitt over heile befolkningen.
2. - Det er ein avkryssningsundersøkelse. Mødrene kryssar sjølv av etter eigen viten og vilje på kva dei synes høver best.
Min avledning: ingen mamma kryssar med viten og vilje av på at barnet garantert har hatt det dårligare i barnehagen enn det barnet ville hatt det heime med mor (som stressar rundt på akademikarmødrevis).
Som representant for barnehageforeldre synes eg at mine barn har det fantastisk i barnehagen. Dei har masse venner, masse leiker, og utfordringar. Eg veit at det er forskjell på ulike barnehagar, men eg kjenner vår barnehage så godt at eg veit det er eit godt tilbud der.
Den første tida i barnehagen, den var pyton. Tørke tårer medan hylskrik i bakgrunnen sakte forsvann fordi eg løp til toget for å rekke jobben. Eg visste at borna vart godt tatt vare på, men det å levere frå seg ein baby som krabbar rundt på golvet, og ikkje så han att før mange timar seinare.
Folk er forskjellige. Og eg synes ikkje det blir tatt godt nok hensyn til det i denne undersøkelsen. Eg leser gjerne meir forskning på temaet. Og høyrer gjerne din oppfatning.
Kva synes du?
No må eg løpe for å hente mine to små i barnehagen..
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar