onsdag 14. september 2011

Eg er nybegynner på iHerb

Eg har lest så masse om iHerb, men aldri fått nok inspirasjon til faktisk å bestille noko der. Det er rett og slett for mykje å velge mellom! Well, no er barrieren brutt! Eg har gjort min fyrste iHerb-bestilling.

Alt dette fann vegen frå iHerb og til postkassa mi!

Kva er så iHerb for noko?
iHerb er ein nettbutikk der du kan bestille alt mogeleg av helsekost. Prisane er ein halv fjert av norske prisar, og alt kjem pent pakket og tilsendt for ein rimeleg penge.
iHerb er amerikansk, så du må passe på tollsatsene, dvs ikkje bestille over 200 kr i kvar pakke.

Kor mykje kan eg handle for utan å måtte fortolle?
Akkurat no så er den norske krona så sterk at du kan handle for 35 USD. Merk at dette endrar seg, det er lurt å sjekke kursen på moneyconverter før du bestillar. Porto kjem i tillegg, det er ikkje innanfor 200-grensa.

Kva kjøpte eg fyrste gong?
Stevia English Toffee - søtningstilskudd med toffee-smak, og heilt utan kaloriar
Organic Yacon Syrup - lavkalori og lav-GI søtning, brukes på samme måte som honning
Cacao Nibs - sjokoladebitar utan sukker
Den til høgre på bildet er ein gratisprøve som eg ikkje riktig veit kva er :)

Kva kan eg bruke dette til?
No har eg ein oppskrift å dele! Dette er superlettvint og sunt for å bekjempe søtsuget som setter inn etter at ein har senka seg i sofaen for kvelden, og husbonden finner fram potetgull.

Sweet-as-sugar Kesam
1 boks mager kesam
3 skeier Yacon Syrup
10 dråper Stevia English Toffee
Rør sammen, og spis med skei! Nam!


Til sist - kva er det med desse rabattkodane?
Alle som bestiller på iHerb får ein rabattkode. Denne koden kan delast ut vidare, slik at nye kundar får 5$ avslag på sin fyrste ordre. Min kode er POJ702 - bruk den gjerne!


Har du bestilt noko frå iHerb?
Ha ein helsebringande aften!

Klem, Ellen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar