Bilete frå Oslosurf
Ronja passar gord inn i propellheimen sitt Astrid Lindgren temaår. Vi (eg), er
Tilbake til teateret. Stykket passar frå fire år og oppover, men det er nokon skumle parti innimellom. Historien er jo kjend for oss vaksne, men frøken Fem var ikkje introdusert så grundig i forkant, og det kan være lurt å snakke litt om persongalleriet i forkant av forestillinga.
Eg synes scenen var enkelt men effektivt bygd opp, og dei klarte fint å illustrere både skog og Mattisborg ved hjelp av kun skodespelarane. Vi starta med Borkarøvarar på jakt etter fødeplass (litt som jakten på fødeplass i dagens sjukehusnoreg, lite som endrar seg på tusen år, gitt). Samme scene klarer å illustrere at Ronja blir født, villvettene som flyg omkring (dei er litt skumle), at lynet slår ned i Mattisborgen, og at Ronja veks opp og byrjar å løpe i skogen.
Nydeleg nynorsk musikk ftw! Det er masse flott musikk i stykket, og mitt hjarte gleder seg over at dei syng på nynorsk. Det kan stundom være litt vanskeleg å oppfatte tekst i sang og replikkar, men heilheita kjem tydeleg fram allikevel.
I andre akt bur Ronja og Birk saman ute i bjørnehulen. På sidelinja måtte me reflektere litt over kvifor Ronja og Mattis var uvenner, kva det betyr å være røvar, og korleis ein kan bli venner att. Tålmodigheita til frøken Fem var litt varierande på slutten. For vår del kunne stykket vore litt kortare, men eldre barn trur eg vil klare lengda heilt fint.
Skodespelarprestasjonar! Eg synes dei var så utruleg flinke! Det var gøy å sjå skodespelarar som heilt tydeleg kosa seg på scena, og det var tydeleg at dei var godt samkøyrde, mellom anna i "klappekonkurransen" mellom Mattis og Borka. Eg vil trekke fram jenta som spela Lovis, ho hadde ein tydeleg men samstundes lun tilstedeværelse på scena.
Anbefales! Eg kan absolutt anbefale alle med born frå fire år og oppover å sjå dette stykket! Klikk deg inn på Bærum Barneteater for speletider og billettar.
Kan du anbefale meg nokon andre kulturopplevelsar for born?
Klem, Ellen
Aaaw.. Ronja! Jeg ville kalle Bolle det, men min kjære la ned veto. Hvorfor, hvorfor! Nåja, en unnskyldning til å få flere døtre, hehehe.
SvarSlettRe. kulturtilbud for barn, her i Stavanger har de bokbad for baby og eventyrstunder for litt eldre barn på biblioteket, samt barneakademiet, som er forelesninger for enda litt eldre barn. De får diplom om de er med på flere. Det er ikke umulig at noe liknende finnes på deres bibliotek. '
Regner med at du dermed bor nær Oslo? Teknisk museum er jo supergøy for unger, og generelt alle museum med en litt informert forelder. De fleste museum har jo ofte tilstelninger for barn.
Og kirker.. min lokale kirke hadde f.eks. scrapping- og cupcakeworkshop i helga, og neste helg har de superlørdag med ansiktsmaling, trylling og aktiviteter for de små.
Takk for besøk, velkommen igjen, og jeg er enig i at maaaat er veldig viktig.. også barna også litt ;o)
Tusen takk for masse gode tips! Og takk for att du fann vegen inn hit, du er så morosam! Det høyrest absolutt ut som at du bør få ei Ronja :)
SvarSlettVi pleier å henge ein del på Asker bibliotek, det er det beste biblioteket eg har vore på, veldig godt tilrettelagt for barna. Det er dessutan ein av dei plassane eg synes det er ok å ta med heile barneflokken, utan fleire vaksne.
Museum er ein aktivitet som eg kunne tenke meg å gjere meir av!