onsdag 12. oktober 2011

Kildesortering av matavfall i Asker kommune

Kjære Asker kommune,


Takk for dei tre fine dunkane som vi har fått til pynt utanfor huset vårt! 

Eg synes det er særs positivt med sortering av matavfall, og er imponert over at de grusa Bærum kommune i kappløpet om kjeldesorteringa. Første gong eg sorterte matavfall var forøvrig i Ås kommune i det herrans år 1997 (på Pentagon, sjølvsagt!).

Bilete: oeras.no

Den nye restavfallsdunken vår er halvparten av størrelsen til den gamle, og skal hentast annankvar veke, i motsetning til hittil kvar veke. Matavfall derimot. Eg har ikkje nubbsjans til å kaste så mykje mat som skal til for å fylle matavfallet, men lovar å gjere mitt beste. Ser ut til at eg må bli litt kreativ i sorteringa framover. Mine spørsmål er som følger:

- Mine to bleiebarn fyller opp restavfallet med bleiene sine, men dersom innhaldet er nokonlunde fast, går det då som matavfall?
- Er våtserviettar matavfall, eller bør eg bytte til å vaske dei små rumpene med serviettar (sidan dette er på lista over godkjent avfall)?
- Eg støvsuger under bordet tre gonger om dagen (burde gjere det, ihvertfall, dei grisar noko innmari desse små gullungane), det er litt mat og støv og greier om kvarandre, er det greitt å sortere dette under mat?
- Kvar kan leigebuarane våre kaste kattesanden sin, for ikkje å fylle opp for bleiene til barna?

- Eg har tidligare sortert brunsneglar i plastboksar som restavfall. Kan eg putte dei i matavfall dersom eg byttar ut plastboksen med ein bionedbrytbar pose?
- Eg forstår ikkje kvifor blomar ikkje er matavfall? Går det greit at eg sorterar dei som mat dersom borna spiser på dei fyrst? (ikkje eit stort problem, men det er fint om eg får svar på dette spørsmålet innan bryllaupsdagen i mai).

Då vil eg gjerne på førehand takke for alle dei positive svara. Lat meg også minne dykk å å gje beskjed når det kjem inn att plastsorteringsposar. Me treng dei også!

Venleg helsing
lovlydig innbyggar med masse ungar og masse bos

4 kommentarer:

  1. Hei! Hverken brunsnegler (og typer snegler), bleier, bleiebarn, støvblandinger, eller blomster (gjelder også selv om barna har spist på dem) skal kastes som matavfall.
    Når det gjelder blomstene skal ikke disse i matavfallet fordi de kan ha vært sprøytet med midler/gift som ødelegger nedbrytingsprosessene. Anbefaler derfor også at du i størst mulig grad unngår å mate barna med blomster. Dersom du trenger en større beholder til restavfall, kontakt oss på Servicetorget (66909090). Mvh Henrik Slipher, Servicetorget Asker kommune

    SvarSlett
  2. Tusen takk for raskt og godt svar! Eg lovar å ikkje putte borna i matavfallet, og tek kontakt for ein større dunk!

    Venleg helsing Ellen

    SvarSlett
  3. hahaha. Du e nu arti e du. D va nu betrygganes at du ikke skulle kaste barna da.
    Hilse gjengen da.
    Klem på deg og dine.
    Linda :)

    SvarSlett
  4. Haha! Ihvertfall ikkje kaste dei i matavfallet ;o)

    Me reiser vestover i morgon, vonar me sjåast snart! KLEM

    SvarSlett