tirsdag 4. oktober 2011

Verv i barnehagen

Dei store borna går i ein liten, privat barnehage. Barnehagen er foreldredrevet, det vil mellom anna seie at foreldrene sitter i styret til barnehagen, der dei deltek i administrasjonen av barnehagen. 

Eg er styreledar i barnehagen. Dette er eit spennande verv, som gjev godt innblikk i driften av ein barnehage.
Frøken Fem sin illustrasjon av ein typisk morgon i bilen på veg til barnehagen

Stundom kjem det problemstillingar som er kompliserte. I dag er eit slikt tilfelle. Eg har tausheitsplikt, så eg skal ikkje gå i detaljar. Lat meg berre seie det slik at det er krevande, men også veldig lærerikt. Me satsar på at det vert ein god løysing. Eg har ihvertfall gjort mitt beste for det i dag.

Har du god erfaring med å ta på deg verv?

Klem, Ellen


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar