onsdag 18. januar 2012

Ostekaketopping med skogsbærsaus

Her er oppskriften på desserten i dagens middagsklubb!


Ostekaketopping

(Dette er altså ein litt sunnare vri på tradisjonell ostekake, og eg lagar den som fromasj i ei skål, for eg er ikkje så glad i botnen som er laga av smør og kjeks)

1 pk philadephia light, 200 g

1 pk mager kesam, 300 g

1 pk lettrømme, 300 g

1 beger skogsbæryoghurt, 1,25 dl

2 dl solbærsirup

1 pk gelatinpulver


Kok opp solbærsirup saman med tre dl vatn. Ta av plata og rør inn gelatin.

Bland i ein ny skål alle dei andre ingrediensane. Rør inn gele etter den er blitt litt avkjølt ( men før den stivnar).

Sett kjølig, og den kan godt serverast dagen etterpå.


Skogsbærsaus

1 pk frosne skogsbær, ca 400 g

Litt sukker eller vaniljesukker eller annan søtning

Ca ein dl vatn


Kok opp bær med vatn og søtning. Mos med stavmikser. Sil gjennom ei sil som fangar opp alle dei små frøa. Sett kjølig!


Enjoy!


Klem, Ellen


Published with Blogger-droid v2.0.2

5 kommentarer:

  1. Perfekt og glutenfri, to svært så bra ting, spør du meg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det stemmer jo! Eg er så heldig at eg ikkje treng på slikt! Men no finnes det mange bra sider med glutenfrie oppskrifter. Har du sett på lovelyliller.com feks?

      Slett
    2. Nei, der har jeg ikke vært, må nok ta meg en tur dit, ja. :)

      Slett
  2. Denne skal testes ut. Hilsen #slikkmunn

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra! Du får sei frå om du likte det! #slikkmunnherogså

      Slett