onsdag 25. januar 2012

Pynt i heimen

Her er eit lite tablå frå vindaugskarmen. Ikkje bli for imponert over den tilnærma sylskarpe bildekvaliteten, eg trur galaxy-en har enno meir å gå på!

Eg tippar det er rett før eg blir headhunta til norske interiørbloggar, men då skal eg berre seie; det er ikkje eg som er mester for dekorasjonen, det er den kommande generasjonen som tek ansvar for pynt her i heimen.

Lat meg presisere at dette er etter rydding for kvelden! Tablået består av ein stall for legohestar, eit uthus til elefantane, samt ein sauefjøs. Du kan ta oldelsjenta vekk frå garden, men det skin nok litt gjennom allikevel!


Korleis gjer du det med vindaugsdekorasjonar?


Ha ein pynta aften!


Klem, Ellen


Published with Blogger-droid v2.0.2

2 kommentarer:

  1. Dette er interiørblågging som treffer meg. For en nydelig og gjennomført stil! Her er det sånn at det som havner i vinduet er ting som skal holdes unna en veldig nysgjerrig og målbevisst skjønn jente, så litt motsatt med andre ord ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Så bra! Det er så absolutt gjennomført på alle plan her! Berre vent til du ikkje har ein einaste vindaugskarm for deg sjølv lenger. Fordelen her er sjølvsagt at det er så omskifteleg at det ikkje er naudsynt med noko støvtørking!

      Slett