Magnus har vore dårleg den siste veka, og vore heime frå barnehagen. Han held på å få fire tenner på ein gong, og har stort sett vore i fin almenntilstand, spist og drukket godt, eg har dermed ikkje vore noko bekymra. Det er jo ingen andre av oss som er sjuke, så derfor var det ikkje så naturleg å tenke omgangssjuke.
Men i går snakka me med legen, som sa at det var heilt sikkert noro-virus, for det går ekstremt mykje av det akkurat no. Ho kom med nokon bli-frisk-reglar som eg vil vidareformidle til deg. Eg vurderar å sette saman mi eiga Hakkespetthandbok for ting ein må passe på og hugse på for småborn, og desse noro-virus-tipsa passar rett inn der.
Korleis behandle noro-virus
1. Ikkje gje vanleg mat, det kan forlenge sjukdommen
2. Gje små og hyppige måltid
3. God handhygiene er eit MUST!
Dette kan ein spise:
- Raspa eple, raspa gulerot, for seg sjølv eller saman.
- Pureversjonar av eple og gulrot, for seg sjølv eller saman.
- Eg har kokt gulrot og eple i bitar, og tatt vare på kokevatnet til å drikke, og laga mos av det faste.
- Eplejuice (til babyar skal den helst være med lågt syreinnhald, det er best for dei små magane, eg har kjøpt NORA Lavsyre Eplejuice)
- Tynn blåbærsaft
- Biola med blåbær
Ein skal altså ikkje ete noko anna enn dette! Dvs ingen mjølk, søte mjølkeprodukt, brød, pasta eller andre kornprodukt, for all del ikkje sjokolade eller brus, eller noko som helst anna som ikkje er eple, gulrot eller blåbær.
Lukke til og god betring!
Har du klart å komme deg unna sjukdomsbølga? Eller har du nokon andre kjærringråd du gjerne vil dele? Eg set stor pris på kommentarar, det er så koseleg!
Dette var mange gode råd!:-)
SvarSlettVi hadde det for 2 uker siden vi da (alle 3...), og det er ORDENTLIG kjipt å ha det...
Jeg har alltid hørt at man skal drikke "død" cola jeg da, og det gjorde vi nå også. Også spiser vi blåbær, det hjelper kanskje mest mot løs mage det da, men småtten koste seg iallefall med det og det ble værende i magen.
Jeg skal skrive opp de andre rådene dine da, de kan komme godt med:-)
Det er ORDENTLEG kjipt, ja! Blæh!
SvarSlettCola hjelper kanskje for dei store, men eg ville ikkje gjett det til eitt-åringen min.
Men blåbær er godt, namnam! Eg trur også at solbær gjer susen!