Eg er jo blitt korledar!
Kvar mandagskveld frå klokka kvart på seks til kvart over seks.
Så her er oppskriften på korleis me gjer det, dersom du ønsker å starte din eigen korøvelse. Dette er sjølvsagt kun veiledande, og eg byttar om på rekkefølga etter kva som passar seg.
Tid: 30 min
Medverkande: born i alderen 1-3 m foreldre
Utstyr: ei kasse med lokk. Oppi kassa: hand-dokker av eit lite troll, ein sau, ein katt, ein hund, ein gris. Ein elefant (som ein kan halde, når ein marsjerer).
Oppstart:
Alle sit på golvet. Me startar alltid med Alle killebukkane, og syng oss rundt heile runden, borna får sjølve svare ja eller nei på om dei er inne.
Det er nokon som bankar inne i kassa. Vi synger Hokus og pokus for at trollet i eska skal komme ut. Når songen er ferdig, så tek eg trollet på handa, og alle barna får komme fram og helse på trollet. Når alle har fått helse, får eitt av borna sette trollet opp i vinduskarmen, så sit det der og ser på oss.
Det er fleire dyr i eska. Eg tek opp ein etter ein, og me syng Nøff, nøff, nøff, kan du si meg hvem jeg er? Ja, det kan jeg. Du er ein GRIS for alle hand-dokke-dyra (bytt ut dyr og dyrelyd, sjølvsagt. Borna kan dette!).
Hovuddel
Rekkefølga på desse songane varierar ut frå stemning i salen. Sit ungane framleis fint på fanget, kan ein ta fleire sitte-songar, elles er det lurt å gå og hoppe litt.
Roleg-songar
Bæ, bæ, lille lam
Lille pusekatt, hvor har du vært?
Gjere-ting-med-hendene-songar
Min båt er så liten
Hvem har skapt alle blomstene
Lille Petter edderkopp
Sitte-på-fanget-songar
Ro, ro til fiskeskjær
Ro, ro, ro din båt
Opp-og-stå-og-gå-songar
Vi marsjerer i gummistøvler
Nederst sitter tærne
Hoppe! Sa gåsa (den lange versjonen, med å gå i ring først, synge: Reven lusket i bondens gård, om aftenen så stille, så stjal han kjapt den beste gås, og allting ble så ille! Hoppe! etc)
Hode, skulder, mage, lår, rumpa går!
Den mest populære: gøym elefanten ein plass i rommet, og så kan alle leite etter den. Den som finner elefanten får bære den rundt, og så formar vi ei lang rekke og syng Ein elefant kom marsjerende.
Avslutning
Ønskesong
Kjære Gud, jeg har det godt
Etter songen er ferdig, så er det vanlegvis frileik (=løpe rundt og rundt), og så pleier me og kjøpe vaffel etterpå ;)
Nokon tips til fleire songar vi kan ta med?
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar