lørdag 13. februar 2010

Morsdag i morgon

I morgon er det morsdag! Og ikkje berre det, men det er også Valentines dag! Og ikkje berre det, men det er også fastelaven! Og ikkje berre det, men det kinesiske nyåret er her også.

Eg leser at bakebransjen og handelsnæringa fortvilar, for inntektene blir stygt redusert. Dette skal ein ta på alvor, eg vil derfor oppfordre alle pappaer til å kjøpe mykje dyrare morsdagsgåve enn dei eigentleg hadde planlagt.
Kva ønsker du deg i morsdagsgåve?

Anna og eg baka bollar her på onsdag. Eg veit at dei sikkert er best heilt ferske, men desse er altså best når dei er frosne og varma opp att i omnen!
Nokon bollar er valentine-spesial, frå den hjerteforma muffinsformen. Veldig romantiske :)

Oppskrift på morsdagsvalentinefastelavensbollar
100 g smør
4 dl mjølk
1 pakke gjær
1 dl sukker
1/2 ts kardemomme
1/2 ts salt
1 ts bakepulver
1 liter kveitemjøl (eg syntes det var litt lite, så hadde litt meir oppi)

kveitemjøl også til utbaking
225 grader i ca 10-15 min

Me baka nokon vanlege bollar, nokon avlange, nokon hjerteforma, og nokon med solsikkefrø til eit bollebrød.

Så no er alt klart for kaffibesøk på søndag.


Men fyrst er det champagneklubb og jentekveld med heimelaga thai-mat i dag. Lise, AMag og June kjem på besøk hit, det blir så koseleg!


Epla.no
Må også tipse om nettbutikken epla.no, som er ein fantastisk myldreplass av vakre ting i alle kategoriar.
Eg falt heilt for dette vakre saue-bildet, av kunstnaren bak GaulArt. Sjå det og meire inne på http://epla.no/products/14661/#main_image


Foto/Maleri: GaulArt
Kva er dine planar for søndagen?

3 kommentarer:

  1. Hei,hei vennen!!! Gleder meg til i mrg eg og.. Hadde jo morsdag ifjor og, men da var jo lisjetuppa berre noken veke gammal. Det blir meir stas no tenke eg! Eg har berre lagt meg tibake og lar mannen planlegge, men eg tenker eg skal lage fastelavensboller iallefall, kanskje eg skal prøve di? Vi skal til sverige idag, så skal vel kjøpe en liten oppmerksomhet til mannen... Håper du får en fiiiiiiiiiiin dag i morga :)

    Klem

    SvarSlett
  2. He he, jeg liker morsdagvalentinfastelavensboller :-)
    Håper dere har hatt en alle tiders feiring!

    Klem Bjørg

    SvarSlett
  3. Me hadde ein veldig koseleg morsdagsvalentinefastelavensdag! Bollane vart stor suksess med krem på spray-boks!

    Vonar de også hadde supre dagar! :)

    SvarSlett