Me har snakka om at Anna skal få seg eit nytt bilsete. Ho sit framleis trygt og bakovervendt i Britax Secura, men me har tenkt på at ho skal få eit beltesete som neste sete når ho blir 4 år. Magnus sitt litt trangt i DuoLogic-en, det er veldig korte selar, og ikkje plass til gullklumpen når han har dress på, det går kun med tynn jakke. Så han skal få flytte over i Securaen, når Anna får nytt sete.
Eg har gjort litt research på området, og når Anna no skal sitte framovervendt, så er det tryggare for henne å sitte fastspendt i bilen sine eigne selar, enn ved interne selar i eit bilsete. Årsaken er at interne selar slepper mindre ved ein kollisjon, og dermed forårsakar ein hardare belastning på hovud og nakke for born. Det er derfor ein beltestol som me skal gå for.
Eg har funnet dei tre mest anbefalte beltestolane:
- Maxi Cosi Rodi XR
- Britax Kid Plus
- Cybex Solution X
Det viktigaste for ein slik beltestol er at det er enkelt å montere den riktig. Eg synes også brukarkomfort er viktig. No er Anna så stor at ho kan gje klare tilbakemeldingar for korleis ho likar setet eller ikkje. Det som dermed er utslagsgivande er korleis setet passar inn i bilen, og korleis Anna likar å sitte i det.
Fortsettelse følger i setevalget.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar