Her kjem eit lite hjertesukk på tampen av kvelden.
Eg kom nettopp frå styremøte i barnehagen. Eg er økonomiansvarleg i styret i ein privat barnehage, og prøver no å få budsjettet til å gå sammen. Det er umogeleg!
Per 1.1.2011 tok kommunane over den statlege finansieringa av barnehagane.
Satsen for driftstilskudd er nettopp klar, nå i starten av februar (ingen private bedrifter ville nokonsinne være så forsinka!)
Vi har vore bekymra for driftstilskotet, for det har ikkje vore nokon positive signaler frå kommunalt hald. Bekymringa var rett. Kommunen kuttar med eit pennestrøk over 7 % av inntektene våre. Det er over 250.000 kroner i eit budsjett som det er vanskeleg i frå før av å få opp i pluss.
Hallo kommunen: vi leikar ikkje bedrift! Dette er borna sitt aktivitetstilbod, og dei ansatte sine arbeidsplassar. De kan ikkje kutte og eksperimentere dykk fram. De kan ikkje stille krav om kvalitet og innhald og pedagogisk leiing med den eine handa, og kutte alle lønnsutgifter og vedlikehaldskostnadar ned til margbeinet med den andre handa.
Kjære kommunen: gje oss eit forutsigbart og drivverdig grunnlag, for å skape ein god barnehage.
Frustrert helsing frå tallknusaren
.
SvarSlettforsvant vist kommentaren min.
SvarSlettDette er desverre hverdagen for mange sektorer innenfor kommunene. Staten kommer med pålegg og kommunene kutter i budsjettene. Kan si at det er noe som ikke stemmer.
Håper det ordner seg til det bedre. Stå på. Klem fra meg :)
Hei Linda,
SvarSletttakk for kommentaren din. Det kan godt hende at dette er kvardagen for mange kommunar. I vårt tilfelle veit me diverre at kommunen får 88 millionar meir til tilskot til barnehagar, enn det som har vore totalt tilskot tidligare, og allikevel så kuttar dei.
Barnehagemidlane er diverre ikkje øyremerka, slik at finansiering av private barnehagar går til å dekke underskotet andre stader i kommunen.
Klem tilbake!