
Svigermor fekk den geniale bake-it easy kakeformen frå oss i bursdagsgåve. Forma er super til ostekake, sidan den har eit serveringsfat med kakering, så du slepp å løsne kaka frå underlaget.
Til morsdagen laga eg ostekake med ein litt sunnare vri.
.
Botnen
180 gram havrekjeks (eg brukte digestive)
80 gram smelta smør
.
Knus kjeks og bland smør rett oppi kakeforma. Press utover, så det blir eit tynt lag botn. Denne er litt tynnare enn vanleg. Sett kjølig medan du lagar fyllet.
.
Ostefyll
1 pakke sitrongele
2,5 dl kokande vatn
1 beger mager kesam (istadenfor rømme)
3 dl yoghurt (eg brukte med jordbær) (istadenfor piska krem)
1 beger philadelfia light
100 gram melis
.
Bland ut gele i kokande vatn, og kjøl ned til romtemperatur.
Bland saman kesam, yoghurt, philadelfia og melis.
Pisk inn geleen i ostemassen.
Tøm over kakebotnen, og sett kjølig til ostemassen stivnar (det tek litt lenger tid enn med vanlig ostekake med krem og rømme).
.
Gelelokk
1 pakke jordbærgele
4 dl kokande vatn
.
Bland ut gele i kokande vatn, og kjøl ned til romtemperatur.
Slå forsiktig over kaka. Eg brukar ei skei som eg held over kaka, så gelestrålen ikkje treffer kaka direkte, då blir det ikkje "hull" i ostemassen.
Det er viktig at ostemassen er heilt stiv før du slår over gelelokket. Ikkje ta av kakeringen før rett før servering.
.
Enjoy!
(Svigermor var litt skeptisk, men ho likte den)
.
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar