Her er det baby i farta!
Ho krabbar rundt og reiser seg opp, og er heilt propell
Ho krabbar rundt og reiser seg opp, og er heilt propell

Det er sikkerheit i høgsetet i heimen. Vesle prinsesse har ein vanvittig rekkevidde, så det gjelder å passe på så me slepp unna ulykker.
Kva bør ein ha av barnesikring?
Vaskemiddel er ikkje til å leike med!
Dette er etsande, og farleg. Alt av kjemikaliar bør lagrast utanfor borna sin rekkevidde, gjerne høgt oppe eller i låste skap.
Barnesikre skuffer og skap
Klemfare ved opning og lukking av skuffer og dører gjer at ein bør sikre desse. Innhaldsmessig bør du sjå over at det ikkje er noko skadeleg innhald! Til dører kan ein kjøpe dørstopparar (note to self: det trenger vi!)
Kokande vatn/kaffe/komfyr
Sikre, sikre, sikre. Veldig mange små born får brannskader, og det kan være alt frå ledningen til vatnkokaren eller kaffetraktaren, varmt vatn til å varme mjølk i, etc. ein kopp te (tips: ta i masse mjølk så den blir lunka),
Dersom bornet ditt skulle få ein skåldeskade, så avkjøl øyeblikkelig! Ta av klede, få bornet inn i dusjen, og avkjøl i minst 20 minutt. Ikkje bruk is, for det kan gjere skaden værre. Hugs at små born som er skålda skal alltid til lege.
Dette bør du også gjere
- Fest reolar til veggen
- Montere trappesikring
- Lås inn medisinar
- Montere stikkontaktdeksel
- Vindusstopparar
Fleire tips til barnesikring finner du hjå nettdoktor.no
NRK skriver meir om skålding
Ha ein skånsom dag!
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar