Me måtte kjøpe ein ny sovevogn til Mr 2 år. Han hadde ein Hartan Racer, men den vart rett og slett for kort i ryggen. Mr er jo blitt stor gut, han nærmar seg 1 meter i lengde!
I barnehagen syntes dei TFK var såå praktisk, så eg sjekka om det var nokon brukte til salgs, men droppa det, dei brukte kosta like mykje som dei nye (makan til HOT bruktmarked på vogner!).
Svenskehandel er ein fin aktivitet, så me tok ein svipptur over grensa for å sjå på vogner. Det vart ein litt lengre tur enn planlagt. Fyrst køyrde me til Tøcksfors, men der var babybutikken lagt ned. Det var ein skikkeleg bomtur. Ikkje køyr dit.
Gje opp var ikkje eit alternativ, så me køyrde til Happyland på gode, gamle Svinesund. Der har me kjøpt bilseter tidligare, og fått god hjelp.
Hovedkriteriet for vognkjøpet var at den skulle være stor nok forMr 2 ut barnehagesoveperioden, og helst ikkje for dyr.

Me endte opp med ein Carena Swing. Spesifikasjonar er 3 lufthjul, god innvendig plass, nesten full liggestilling, god å trille, rett og slett heilt super til vårt formål. Den var på salg til litt over 1000-lappen, så sunnmøringen i familien slo til.

Ha ei super veke, med eller utan dagsoving!
Klem, Ellen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar