torsdag 16. juni 2011

Eg er inspirert

Eg er inspirert! Eg har vore på nettverksmøte med Od@ i kveld, og det er ein stor inspirasjonskjelde!

Team Tiara på køyretur i Herbert (in the good ol' days in Oz)


Od@ er eit nettverk for kvinner i IT-bransjen, og eg har vore medlem der sidan slutten på forrige barselpermisjon. Dei arrangerar mellom anna Od@-prisen for årets kvinnlege rollemodell i IT-bransjen, det er ein årleg Inspirasjonsdag (som eg diverre har gått glipp av, elles hadde eg sikkert vore ti gonger så inspirert som dette), og det er medlemsmøter omlag annankvar månad.


Eg var på dagens møte, og det var årets inspirasjon som snakka om sin motivasjon. Det er så fantastisk å møte mennesker som er på riktig hylle, som har ein tryggheit og indre drivkraft, og tryggheit i det dei gjer.


Dette fekk meg til å reflektere over kven eg er, kva min motivasjon er og kvifor eg havna inn i it-bransjen (eg tenkte så hard at eg gløymde att bilen på parkeringsplassen ved toget, og spaserte heim!).


Studiane mine (mellom anna in the good ol' days in Oz) bar preg av ei sterk motivasjon og besluttsamheit. Heilt frå eg sendte min fyrste epost i 1996 (på grunnkurs i data på høgskulen i Grimstad, mottakar var studievenninne som sat på pc-en ved sidan av!) har eg visst at eg høyrer heime i IT-bransjen, og at eg har noko å tilføre.


Det siste året har eg brukt mykje tid til å tenke over kva eg skal gjere framover. Eg har valgt å ta imot ein sluttpakke frå Telenor, arbeidsgivaren min sidan 2005. Borna er så små, at det er naudsynt for å få tilværet til å henge saman på heimebane. Men eg vil og bruke tida mi på å utvikle meg fagleg, og arbeide for meg sjølv!


(Illustrasjonsfotoet er meg på mitt modigaste. Eg fekk studieplass, sa opp jobb, og reiste åleine til Australia. Det gjorde ikkje noko at bilen braut saman. Det var ei fantastisk tid!)


Klem, Ellen

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar